Hopp til innhold

- Statoil bør ikkje sentralisera!

Ordførar Johan Arnt Elverum (Sp) i Stjørdal reagerer sterkt på sentralisering av drivstofftransport i Statoil.

tankbil

Statoil får same transportør i fem land.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Solide transportørar i distrikta blir no kutta ut, til fordel eit austlandsfirma som får all transport av bensin og diesel til Statoils bensinstasjonar her til lands.

Stjørdalsfirmaet Børstad transport A/S har i over 40 har transportert for Statoil i Midt-Norge, og ordføraren synest det er ille at dei ikkje får halde fram etter den gjennomførte anbudskonkurransen.

– Ikkje i tråd med eigarens interessser

Johan Arnt Elverum

Stjørdals-ordfører Johan Arnt Elverum.

Foto: Jørgen Geving / Jørgen Geving

– Dette er jo ei kraftig sentralisering av Statoils verksemd på dette området, og for eit selskap som har Staten som hovudeigar kan ikkje dette vere i tråd med eigarens interesser, seier Elverum.

Difor meiner han dette er signal som eigaren bør fange opp og gjere noko med for framtida.

Tapte anbud

Som NRK tidlegare har meldt, er det Gran Taraldrud A/S, på Lena på Østre Toten, som får all bensin- og dieseltransport til bensinstasjonane til Statoil frå 1. juli neste år. Fire transportørar som i dag transporter for Statoil i Nord-Norge, store delar av Vestlandet og Midt-Norge tapte anbudet i sine regionar.

Same transportør i fem land

Men transportøren som no får alt her til lands, får meir enn det. Gran Taraldrud A/S får all transport også i dei baltiske landa - Latvia, Litauen og Estland - og i delar av Sverige, opplyser Statoil Fuel & Retail i ei pressemelding.

Statoils bensinsstasjon-selskap framhevar god økonomi når dei nå har gått kraftig ned på talet på transportørar.

– Statoil Fuel & Retail has gone from 1 9 to five international companies which will provide the company the benefit of economy of scale , skriv selskapet i den engelske pressemeldinga.

Stortransportør

Hos stortransportøren Gran Taraldrud, eit selskap som vart starta i 2001, er dei naturleg nok godt nøgde.

– Kontrakten er selskapets største noensinne. Den genererer en årlig omsetning på cirka 300 millioner kroner. Dette er en bekreftelse på at vi kan hevde oss i internasjonal konkurranse, konstaterer firmaet i ei pressemedling.

Men i Stjørdal sit Senterparti-ordførar Johan Arnt Elverum og ser at ein vesentleg del av oppdraga til det største transportfirmaet i kommunen, Børstad Transport A/S, fell bort. Firmaet har i dag sju dyre tankbilar i denne transporten og dobbelt så mange sjåførar.

– Statoil-leiinga bør ta fatt i det

– Dette som skjer her overraskar meg veldig. Dette synest eg nokon i leiiinga bør ta fatt i, seier Elverum, som også har i tankane at Statoil flaggar ut køyrekontoret sitt til Latvia neste år.

– Eg er ikkje minst overraska sidan Statoils driftsorganisasjon her i Stjørdal nyleg har presisert at dei vil ha levrandørane sine nært i samband vedlikeholds- og modifikasjonskontrakter. Utfrå det overraskar det meg sterkt at Statoil går andre vegen med kraftig sentralisering innan bensintransport, sluttar ordførar Johan Arnt Elverum i Stjørdal.

Bensinstasjon

Statoils bensinsstasjon-selskap framhevar god økonomi når dei nå har gått kraftig ned på talet på transportørar.

Foto: ScanStock