Hopp til innhold

Har høgare snitt, men er framleis mest interesserte i helsefag

Både ved NTNU og HiST har søkjarane betre snittkarakterar i år enn tidlegare. Igjen er det helsefaga sjukepleie, medisin og psykologi som er mest populære.

Sommerkveld på Gløshaugen

FLINKE STUDENTAR I VENTE: Aldri før har NTNU har så mange høgt kvalifiserte søkjarar.

Foto: Sven-Erik Knoff

Onsdag 16. juli fekk komande studentar svar frå Samordna opptak på søknadane sine om studieplass for hausten 2014.

53 798 søkjarar har fått tilbod om plass på det studiet dei hadde på fyrsteplass. Det vil seie 63,4 %.

– Det er gledeleg at over 53 000 søkjarar får tilbod om studieplass på sitt høgaste studieynskje, seier dagleg leiar i Samordna opptak, Bente Ringlund Bunæs, i ei pressemelding.

Til saman har 84 810 fått tilbod om studieplass. Som i fjor er 60,2 % av desse kvinner.

Høgt kvalifiserte søkjarar

Prorektor Berit Kjeldstad

GLAD: Berit Kjeldstad er godt nøgd med kvaliteten på søkjarane til NTNU i år.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Vi har aldri hatt så mange høgt kvalifiserte søkjarar til NTNU. Det er vi glade for, seier prorektor for utdanning og læringskvalitet Berit Kjeldstad.

NTNU hadde til saman 26 400 søkjarar, og av desse fekk 7931 fått tilbod om studieplass. Det er ein nedgong på 2,73 % i talet på plassar frå i fjor.

Igjen var psykologi det mest populære faget. Profesjonsstudiet i psykologi hadde 2399 søkjarar til berre 68 studieplassar.

Medisin hadde det høgaste opptakskravet. Der måtte du ha 67,1 poeng for å kome inn.

Fleire jenter

For fyrste gong er 4 av 10 søkjarar på teknologifaga jenter.

– Dette er resultat av ei bevisst satsing gjennom fleire år, seier Kjeldstad.

For heile NTNU er kjønnsbalansen svært god, med ei fordeling på rundt 50/50 for jenter og gutar.

Mange vil studere helsefag

Ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) er helseutdanningane mest populære.

260 søkjarar får plass på sjukepleiarutdanninga, og vernepleiarutdanninga har lang venteliste.

Spel- og opplevelsesteknologi og trafikklærarutdanninga har òg lange ventelister.

Heile 24 % av søkjarane til barnehagelærarutdanninga er menn. Så høgt har talet aldri vore før.

Når ledige studieplassar blir lagt ut på Samorda opptak på laurdag, vil 21 av desse vere ved HiNT.

(artikkelen held fram under biletet)

HIST

LANGE VENTELISTER: Over 800 står i kø for å få plass på sjukepleiarutdanninga til HiST.

Foto: Høgskolen i Sør-Trøndelag

5000 på venteliste

– Over halvparten av studieprogramma våre har hatt ein auke i inntakskrav i år, samanlikna med fjoråret.

Det seier studiedirektør Gunnar Bendheim ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST).

Fysioterapi har høgast poenggrense, og deretter kjem ingeniørfaga høgt på lista.

Til saman har 3800 søkjarar fått studieplass på HiST, men framleis står over 5000 søkjarar på venteliste kvar.

Sjukepleiarutdanning og økonomi og administrasjon har over 800 på ventelister kvar.