Hopp til innhold

Politimelder funn av 4,5 kilo lefse i magen på bjørn

Statens naturoppsyn mistenker at nokon har lagt ut store mengder med søtsaker for å lokke ein bjørn til et område det var gitt skadefellingstillatelse.

Bjørn skutt i Snåsa

UVANLEG MAT: Statens naturoppsyn meiner nokon har lagt ut mat for å lokke denne bjørnen til området der det var gitt skadefellingsløyve.

Foto: Marius Småli Melting

– Det er uheldig. For dette kan føre til at bjørn oppheld seg i området som han kanskje ikkje ville vore i. Det kan også trekkje til seg fleire bjørnar, som kanskje ikkje ville vore i området, seier seksjonsleiar Veronica Sahlén i Statens naturoppsyn.

Det var fredag 2. september at den 150–200 kilo store bjørnen dukka opp ved Nyseteren i Snåsa. Jaktlaget hadde leita etter bjørnen i mange dagar då den plutseleg var på skothald 15 meter frå jegeren.

To skot seinare var bjørnen død.

Fellingsløyvet på to bjørnar blei gitt etter at fleire sauer blei funnen døde i området.

Les også Bjørn på mellom 150 og 200 kilo skutt i Snåsa

Bjørn skutt i Snåsa

Første gong dei melder

Bjørnen vart, rutinemessig, undersøkt av Norsk institutt for naturforsking (NINA). Der oppdaga dei det uvanlege kosthaldet til bjørnen.

For inne i magesekken var det 4,5 kilo med masse som likna smørgraut eller lefse. Det var ingen spor etter byttedyr.

– Bakgrunnen for at vi politimelder er at dette tydeleg ikkje er eit forhold som er lovleg. Det er ikkje lov å fôre bjørn, eller rovvilt, seier Sahlén

Ho meiner nokon har lagt ut søtsakene for å lokke til seg bjørnen. Lefser er også tidlegare brukte for å lokke til seg bjørn til til dømes viltkamera.

– Det er 4,5 kilo av denne massen som er funnen i magen til bjørnen. Så det er ikkje snakk om at nokon har kasta ei lefse eller ein kanelbolle i naturen. Denne bjørnen har ete mykje, seier ho.

I 2020 kom det ei føresegn som presiserte at det er forbode å bruke åte eller mat for å lokke til seg bjørn i samband med jakt.

Dette er første gongen Statens naturoppsyn vel å melde nokon for brot på dette etter at den trådde i kraft.

Jaktlaget nektar skuld

Leiaren for jaktlaget som felte bjørnen, Kåre Johannes Selliås, nektar for at det er dei som har lagt ut maten.

– Vi bruker ikkje noko for å lokke til oss bjørn. Vi bruker å setje opp viltkamera for å finne områda bjørnen flyttar seg i, sa Selliås til VG då det vart kjent at bjørnen var fora med lefse.

NRK har prøvd å snakke med Selliås for å få ein kommentar på at saka no er meld, men har førebels ikkje fått svar.

Skadefellingsleder i Snåsa kommune Kåre Johannes Selliås ved siden av hannbjørnen som ble skutt fredag. Bjørnen, som ligger på et lasteplan, veide 157 kilo.

Skadefellingsleiar i Snåsa kommune, Kåre Johannes Selliås, meiner bjørnen kan ha funne menneskematen rundt hytter eller andre stader det er folk.

Foto: Randi Wilsgård / NRK