«Dæm e så gammel at æ må hjelp dæm med knappen på kodebrikken»

I løpet av ein dryg månad i fjor haust, skal Trondheimsmannen ha vore med på å svindle eldre kvinner via nettbanken deira. Ei av dei fekk tappa bankkontoen sin for 1,3 millionar kroner, ifølgje tiltalen.

Kortsvindler

Tiltalte la eit bilete av seg sjølv på Snapchat og skreiv at han måtte hjelpe dei eldre med kodebrikka. -Ein spøk, sa tiltalte i retten. Foto frå POLITIET

Måndag møtte mannen i 20-åra i Sør-Trøndelag tingrett. Han er den einaste som så langt er tiltalt i den omfattande nettbanksvindelen.

Tiltalen gjeld medverknad til grovt bedrageri for 4,4 millionar kroner og omfattar 15 fornærma, alle kvinner.

Lånte ut kontoane sine til andre

Mannen i midten av 20-åra sa seg skuldig i fem av tilfella. Det største enkeltbedrageriet han erkjenner var på 440 tusen kroner. For dette kjøpte han ifølgje aktor mellom anna ei Rolexklokke til 88 500 kroner, og ei anna klokke til 185 tusen. Desse overleverte han til andre personar etter avtale.

Kortsvindel i retten

Personen som fekk overlevert ei av klokkene av tiltalte, på eit hotell i Oslo i september 2019. Foto frå POLITIET

Men tiltalte nektar for å ha noko med dei to største bedrageria å gjere- på 1 million og 1,3 millionar kroner.

I retten forklarte han at han vart kontakta av ein person i rusmiljøet i Trondheim. Vedkomande bad han om at andre skulle få disponere kontoane hans for overføring av pengar. Tiltalte skulle få prosentvis betaling, avhengig av kor store beløpa var.

Han hadde varsling frå banken slik at han såg når det gjekk pengar inn og ut av kontoane hans.

Eg skjønte at det eg var med på var ulovleg. Men eg trengde pengar til rus, sa tiltalte.

I nokre tilfelle fekk han betaling. Men ved fleire høve vart pengeoverføringane til kontoane hans frosne av bankane slik at ingen fekk dei ut.

Tiltalte erkjente i retten alle dei ni tilfella tjuveria av bank- og kredittkort.

På spørsmål frå domaren korleis tiltalte kunne vete kva postkassar det var brev med kort i, svarte tiltalte at han var rusa og valde tilfeldige postkassar.

Nektar for å ha gitt ut seg for kunderådgjevar

Dei fornærma hadde konto i ulike bankar som DNB, Sparebank 1, Bank1 og Sbanken. Dei vart ringde opp og oppga BankID og slik vart kontoane deira tappa for pengar, ifølgje tiltalen. Men tiltalte nektar for at han ringde ofra. Han meiner det var andre som måtte ha gjort det.

Men ein «selfie» frå tiltalte på Snapchat meiner aktor viser at tiltalte var innblanda i sjølve overføringane: Under biletet av han står det:

«Haha. Dæm e så gammel at æ må hjelp dæm med knappen på kodebrikken viss ikke alle har krampe i tommeln til vi skal spill bingo. Vanskelig med så store tusja vettu. Æ bryr mæ bare om dem ældre.»

Tiltalte sa i retten at dette berre var ein spøk.

Kontoutskrift som vart lagt fram viser at beløpa som kom inn på tiltalte sin konto vart overført vidare til andre personar. Dei fleste av desse kjende ikkje tiltalte, ifølgje han sjølv. Andre namn nekta han å kommentere av «frykt for represaliar» som han uttrykte det.

Laga lister basert på opplysningar frå Skatteetaten

Politiet fann ein mengde post då dei ransaka husværet til tiltalte etter at han vart arrestert i oktober. Det vart også funne lister med namn på fleire personar som vart forsøkt svindla, ifølgje aktor, politiadvokat Line Novstad Klungreseth ved Trøndelag politidistrikt. Listene inneheldt opplysningar om inntekt og formue og tiltale fortalde at han fekk eit par tusen kroner for den jobben.

Tysdag skal politiet gå nøyare gjennom bevismaterialet. Vitne som truleg kjenner til tiltalte si rolle og nokre av bankkundane, står også på vitnelista til påtalemakta.

På grunn av koronasituasjonen blir rettssaka gjennomført digitalt. Domar, aktor og forsvarer sit i rettssalen i Trondheim tinghus med god avstand. Dei to meddomarane og pressa følgjer saka frå andre stader ved hjelp av lyd og bilete.

Digital rettsbehandling

Rettssaka vart gjennomført digitalt på grunn av koronasituasjonen. Tingrettsdomar Eirik Lereim leia retten. Meddomarane deltok frå andre stader.

Foto: Kari Sørbø / NRK