Hopp til innhold

St. Olavs Orden til Gullvåg

– Eg er betre til å male medaljer enn å motta dei. Men det var jo ikkje så verst det her heller då..!

Håkon Gullvåg blir kommandør - 2

Det var konstituert fylkesmann i Sør-Trøndelag Brit Skjelbreid som overrekte utmerkelsen til Håkon Gullvåg.

Foto: Morten Andersen / NRK

Det sa biletkunstnaren Håkon Gullvåg då han vart utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden i dag. Han heldt takketale i herredssalen i Erkebispegården i Trondheim, etter at han hadde fått utmerkinga av fylkesmann i Sør-Trøndelag, Brit Skjeldbreid, no ettermiddag.

– Mållaus

– Eg er ganske mållaus, det er overveldande. Det er ein formidabel inspirasjon og spore til vidare arbeid, seier Gullvåg til NRK.

No får han audiens hos Kongen på Slottet for å takke for utnemninga, som blir beskrive i slik kunngjeringa frå kongehuset: Håkon Arnljotsønn Gullvåg ble tildelt utmerkelsen for sin fremragende innsats som kunstner.

Harald Stanghelle

Harald Standhelle var ein av forslagsstillarane til ordenen. Dei andre var Harald Lydersen, Per Høyem, Øyvind Lunde og Lars Roar Langslet som døydde for kort tid sidan.

Foto: Morten Andersen / NRK

- Han har ein heilt spesiell stilling i norsk samtidskunst, seier Harald Stanghelle, som var ein av forslagsstillarane.

– Spelar på mange strenger

– Han spelar på veldig mange strenger. Han skaper engasjement, han skaper debatt, han skaper innsikt. Og han representerer både eit indre og eit ytre blikk. For meg er han eit ein syntese av det beste ein biletkunstnar kan gi eit samfunn, seier Stanghelle.

– Ikkje minst kan ein peike på måten han har vitalisert ein ofte tam og forelda sjanger som portrettkunsten. Ta til dømes debatten om kongeportretta. Og kyrkjekunsten og bibelske motiv har vore eitt av dei sterke spora i kunstlivet hans fram til no, og der er nok den inspirasjonen han fekk her i og rundt Nidarosdomen veldig viktig, seier Harald Stanghelle.

På rett spor

Kunstanaren sjølv meiner altså at han er flinkare til å måle medaljer enn å motta dei. Men utnemninga synest han er ein inspirasjon som ofte kan trengjast i kvardagen.

Håkon Gullvåg - utnemnding til kommandør

Det var i herredssalen i Erkebispegården i Trondheim utmerkelsen vart utdelt.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Som kunstnar er det velidg mange lange timar og dagar der ein må drive det sjølv, og halde motet oppe gjennom mange år. Og her gir dette både inspirasjon og stadfesting av at eg kanskje er på rett spor når det gjeld det eg har halde på med, til dømes i Kina og Midt-Austen, sier kommandør av St. Olavs Orden, Håkon Gullvåg.