St. Olav vil avsløre mutasjonar

St. Olavs hospital vil utvikle ein metode som raskt avslører mutasjonar av koronaviruset. Dei er i dialog med FHI. – Vi kan bidra. Primært ser vi føre oss å gjere målretta testing mot spesifikke mutasjonar som er i søkelyset no for tida. Det kan vi etablere ganske raskt, seier overlege Andreas Christensen ved St. Olavs hospital til NRK. NTNU har også sagt at dei kan analysere virusmutasjonar, ifølge VG.

Andreas Christensen, overlege ved Avdeling for medisinsk mikrobiologi ved St. Olavs hospital
Foto: Jøte Toftaker / NRK