Hopp til innhold

Ho har Noregs mest populære namn

Men SSB er mest overraska over endringane blant gutenamna som var mest populære i 2021.

Håndball-VM kvinner Spania 2021, semifinale: Norge - Spania

POPULÆRT NAMN: Nora Mørk har namnet dei fleste vel.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Den store overraskinga i år er at det er såpass store forandringar blant gutane, seier seniorrådgjevar Anders Sønstebø i Statistisk Sentralbyrå (SSB) til NRK.

– Altså at Jakob går ned frå første til niande plass. Det er eit ganske stort fall historisk sett.

Namna til fleire av personane i familien Ingebrigtsen har vore populære i fleire år. Fleire av dei har også hatt ganske store fall i popularitet frå 2020 til 2021, fortel SSB-forskaren.

– Kanskje er folk litt mette? Eg kan i alle fall seie at å vinne olympisk gull ikkje hjelper på namnestatistikken, seier Sønstebø og ler litt.

Team Ingebrigtsen sesong 5

POPULÆRE: Brødrene Fiilip, Henrik og Jakob Ingebrigtsen har framleis populære namn, men ifølgje SSB har alle dei tre namna falle markant i popularitet sidan 2020.

Foto: Zacapa Film / NRK

Skam- og Ibsen-effekt?

409 personar fekk namnet Nora eller Norah i Noreg i 2021. Dermed har handballspelaren Nora Mørk det som var landets mest populære namn også i fjor.

Nora var også det mest populære jentenamnet i 2020.

Det var toppnamnet på jentelista allereie i 2012, og har sidan vore på 1. eller 2. plass kvart år saman med Emma, opplyser SSB.

Nora var lite brukt mellom 1940 og 1980, men så kom eit oppsving saman med mange andre korte jentenamn som sluttar på «a», skriv SSB.

Populariteten fekk moglegvis også god hjelp av NRK-serien SKAM for nokre år sidan, der ein av hovudpersonane heitte Noora.

Nora er kortform av Eleonore, og dukka opp i kjølvatnet av Ibsen sitt stykke «Et dukkehjem».

Josefine Frida Pettersen

NOORA: Josefine Frida Pettersen spelte karakteren Noora i TV serien SKAM.

Foto: NRK

Namnet Noah har skote til himmels

På gutesida var Noah eller Noa det mest populære namnet i Noreg i 2021.

402 gutar fekk namnet i fjor, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Noah er relativt nytt, i alle fall som motenamn. Det første året det var ti gutar som fekk namnet Noah i Noreg var så seint som i 1997, opplyser SSB.

Først dei siste åra har namnet Noah verkeleg blitt populært. Sidan 2016 har Noah vore på topp ti-lista kvart år, men aldri heilt på toppen. Før no. Namnet føyer seg inn i rekka av ei bibelsk bølge på gutesida.

Noah Jean Holm

NOAH: Rosenborgspelar Noah Jean Holm, her saman har namnet som det var mest populært å gje gutebarn i fjor. På bildet står han saman med sportsleg leiar for Rosenborg Ballklub, Mikael Dorsin.

Foto: Rosenborg Ballklubb

Populært med bibelske namn

Både Noah (1. plass) Lucas (4. plass), Isak (5. plass), Filip (8. plass) og Jakob (9. plass) har ein ting til felles.

Dei er namn med klar tilknyting til bibelen.

Litt lenger nede på lista over dei mest populære namna finn vi også Kasper, Elias, Tobias, Johannes og Mathias – alle namn frå bibelen og blant dei 20 mest populære namna i fjor.

Bibelnamna har auka i popularitet dei siste 15 åra. Det er derimot ingenting som tyder på at det har noko med religiøs vekking i Noreg å gjere.

– Mykje av grunnen til det er truleg at mange gamle namn av denne typen no rett og slett er modne for ein renessanse, seier Sønstebø i SSB.

Isak og Aksel er nykommarar på gutane si topp 10-liste. Dei dytta Liam og Henrik ut frå 2020-topplista.

Isak Dreyer

PÅ TOPP TI: Isak Dreyer er kjent frå TV-serien «Norges tøffeste». No er fornamnet hans på topp ti lista over dei mest populære gutenamna i Noreg.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Magisk ugle inspirerte jentenamn

På jentesida sneik det seg i fjor inn eit namn på topplista, som SSB trur Harry Potter- serien har delvis skuld i at har blitt så populært, nemleg Hedvig, som er namnet på ugla til den magiske briten.

– I år har det komme eit tilskot som forsterkar teorien. Hermine har nemleg hoppa 21 plassar opp på lista, frå 69. til 48.-plass, skriv SSB.

122 jentebarn fekk namnet 2021. Hermine er ein av hovudpersonane i den norske oversettinga av Harry Potter-universet.

Apropos Harry. Har du brukt namnet som eit skjellsord? I skulegarden brukar fleire barn no namnet «Karen» som eit negativt ladd ord.

Trykk på saka under for å lese meir om det!