Hopp til innhold

Sprengt testkapasitet etter mykje avdekt smitte i pinsa: – Ein krevjande situasjon

Dersom du bestiller time for koronatest i Trondheim no, får du ikkje time før tysdag. Også i Kristiansand merkar kommunen presset på teststasjonane.

Bilde fra korona-teststasjonen på Leangen i Trondheim. tatt 2. juledag

LANG VENTETID: Om du skal teste deg for korona i Trondheim, må du vente i to dagar. Biletet er frå koronateststasjonen på Leangen i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Akkurat no er testkapasiteten pressa. Folk må vente eit par dagar før dei kan få time for koronatest, seier kommuneoverlege Tove Røsstad i Trondheim til NRK søndag føremiddag.

To dagar ventetid for å få test

VG melde i går at det er over to døgn ventetid for å få testa seg. Søndag føremiddag er tysdag første moglegheit for å teste seg for koronaviruset.

Dei siste dagane har det vore eit smittehopp i Trondheim. 31 vart registrert koronasmitta fredag. Talet frå laurdag var 24 nye tilfelle. Det er flest smittetilfelle blant personar i 20-åra.

Det blei utført 1669 testar fredag og 610 testar laurdag.

Auken i smittetilfelle bekymrar kommunen. Kommuneoverlegen gjekk fredag ut med ei oppfordring om å droppe festane i pinsehelga.

Ein stor del av dei påviste tilfella i Trondheim har ukjent smittekjelde. Det er ein krevjande situasjon for kommunen.

– Vi har trappa opp og kalla inn fleire folk i pinsa. Vi har auka helgebemanninga vår slik at folk går doble vakter. Men det er ikkje tilstrekkeleg for behovet vårt akkurat no, seier kommuneoverlegen til NRK.

Stor testaktivitet etter festhelg

Ein del nylege smittetilfelle i Trondheim kan sporast tilbake til 17. mai-feiringa og festinga førre helg.

– Mange starta gjerne på morgonen med ein champagnefrukost, og så var ein på diverse serveringsstader i løpet av dagen, og avslutta kanskje med ein fest på kvelden, seier Røsstad.

Mange har hamna i karantene, og mange har fått behov for å teste seg etter dette.

Etter to langhelger på rad, kan det fort bli kritisk dersom kommunen ikkje får trappa opp testkapasiteten sin ytterlegare.

– Vi jobbar kontinuerleg med å få auka testkapasiteten. Det neste blir å kalle inn folk som jobbar på andre område, men som har jobba med testing tidlegare, seier ho.

Kommuneoverlege Tove Røsstad, Trondheim

SPRENGT TESTKAPASITET: – Vi jobbar kontinuerleg med å auke testkapasiteten, seier kommuneoverlege Tove Røsstad i Trondheim.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Ho minner om at folk som har mistanke om at dei kan vere smitta, må halde seg i karantene fram til dei blir testa.

Kristiansand: – Møter ikkje opp til bestilt time

Også i Kristiansand opplever dei kø på teststasjonane i pinsehelga.

– Testkapasiteten er pressa, men handterleg. Vi har både testing på hovudstasjonen og drop in-tilbod med hurtigtestar andre stader, seier Jofrid Jåtun Hansson, koordinator for koronatestinga i Kristiansand.

Laurdag var det 900 personar som testa seg for koronaviruset i Kristiansand. Det er registrert 37 nye smittetilfelle i Kristiansand det siste døgnet. Det er ein nedgang frå 64 smitta dagen før.

Hansson fortel at det no er ein auke i talet på personar som ikkje møter opp til bestilt time.

Laurdag var det 50 som ikkje møtte opp.

– Dei timane blir då ikkje tilgjengelege for andre som treng timen. Vi testar omtrent 50 i timen på teststasjonen, så det vil jo seie at det er ein heil klokketime som då blir ståande ubrukt.

Det er til saman påvist smitte hos 158 russ etter 17. mai. Den siste veka har 5 prosent av innbyggjarane i Kristiansand blitt testa for koronaviruset.

Kø for koronatesting

KØ: Slik såg køen for drop in-testar ved Vågsbygd senter i Kristiansand ut kl. 12 laurdag føremiddag.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

God testkapasitet i Hammerfest

Trass eit stort utbrot av koronasmitte med over 100 smittetilfelle i Hammerfest, er det god testkapasitet i denne kommunen.

Men dei har utfordringar med smittesporinga.

– Det er logistikken med å gå gjennom alle SMS-ane vi får inn som er utfordringa no. Vi har veldig masse folk i sving til å smittespore og kartlegge, seier kommuneoverlege Aud Marie Tandberg til NRK.

Ifølge ordførar Marianne Sivertsen Næss har 7 prosent av Hammerfest sine innbyggjarar blitt testa i løpet av dei to siste dagane.