NRK Meny
Normal

Spora biltjuvar med GPS - fann bilen og eit lager med tjuvgods

Denne veka vart den eine bilen til Ola Skott stole. Ved hjelp av ein mobilapp kunne han spore bilen på veg sørover, og sat seg derfor bak rattet for å hente den heim att.

Ola Skott

Ola Skott fann den stolne bilen sin med GPS-sporing.

Foto: Nils Kåre Nesvold / Nea Radio

– Då eg kom på jobb på måndagen stod ikkje bilen der eg hadde parkert han søndagskvelden, seier Ola Skott frå Røros.

Saman med sonen driv han Skotts Maskin - og alle køyretøya deira har ei form for GPS-sporing. Sonen til Ola var rask fram med mobilen for å finne ut av kvar bilen befann seg.

– "Du er på Tynset og køyrer bil du", sa han til meg. Då skjønte eg at bilen var stolen, seier Ola med ein liten latter.

Det var Nea Radio som først omtalte saka.

Tjuvgods i skogen, Ola Skott

Dette lageret med tjuvgods fann Ola Skott og politiet i skogen. Tjuvane hadde lagt det frå seg før dei køyrde den stolne bilen vidare.

Foto: Per Skott / Privat

Vart arrestert av politiet

Ola og sonen fann fram reservenøklane og starta turen sørover mot Tynset. På vegen ringer dei politiet i Hedmark, og får beskjed om at to betjentar vil følgje dei vidare i jakta.

– Så eg sat i bilen med politiet på eine telefonen, og sporinga på andre, seier Ola.

På vegen sørover ser dei at den stolne bilen plutseleg rørar på seg, men takka vere sporinga klarar dei å halde følgje - og dermed leie politiet til riktige staden.

– Politiet fann bilen og arresterte tjuvane som framleis sat i bilen, fortel Ola.

Fann tjuvgods i skogen

Bilen var i fin stand når dei fann den, men alt av utstyr i bilen og skilta var vekke. Dei reiste litt inn i skogen kor dei hadde sett på GPS-en at bilen hadde stått i ro ein halvtime litt tidlegare på dagen. Med det første fann dei ingenting, men så såg politiet ein sprayboks med raudmåling.

– Då kom eg på at eg hadde sett eit tre lengre nedi skogen med eit raudt kryss på. Der fann vi eit lager med tjuvgods, både vårt og andre sitt utstyr, fortel Ola.

Fann tjuvgods i skogen, Ola Skott

Takka vere dette raude krysset fann Ola og politiet tjuvgodset som tjuvane hadde gøymd i skogen.

Foto: Per Skott / Privat

Mannen frå Røros fortel at dei fekk igjen alt utstyret sitt, og er glad dei hadde sporing på bilen.

– Vi er pålagt av skattemyndigheitene å ha sporing på køyretøya vi eig, så det er ikkje noko vits i å komme til Røros å stele utstyr, seier han med ein liten latter.

Han seier at politiet var raskt på plass, og har i dag sendt ei blautkake sørover som takk.

GPS-en gjer biltjuveri mindre attraktivt

Salet på GPS-sporing til bilar har auka kraftig dei siste åra, og hos nye bilar kan det komme ferdig installert. Skal ein installere sjølv kostar ein "tracker" omlag 1500 kroner. Kommunikasjonsdirektør hos Sparebank 1, Kristin Vetleseter, trur det gjer biltjuveri mindre attraktivt.

– Biltjuveri er ikkje så vanleg i Norge lenger, innbrot i bilen er meir vanleg, seier Vetleseter.

Ho legg til at nokre kundar likevel er skeptisk grunna kjensla av å vere overvaka.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.