Hopp til innhold

Spelarane håpar Hamrén blir

– Han har gjort oss til betre fotballspelarar og personar, seier Per Cijan Skjelbred.

Video nsps_upload_2009_10_25_22_22_11_4695.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Søndag kveld fekk Rosenborgspelarane utdelt gullmedaljane sine på Lerkendal stadion.

Samstundes blir det spekulert i om dette var siste kampen trenar Erik Hamrén leia Rosenborg.

Hamrén er ifølgje svenske aviser ein av to aktuelle kandidatar til å ta over ansvaret for det svenske landslaget.

– Å miste han blir eit stort tap for oss, så vi får håpe han blir. Han har gjort heilomvending på oss og profesjonaliteten vår og gjort om ein del oppi hovuda våre, seier Per Ciljan Skjelbred til NRK Trøndelag.

Ingen kommentar

Hovudpersonen sjølv var svært ordknapp då han fekk spørsmål om han blir sjå på Lerkendal også neste sesong.

– Når det gjeld landslaget har eg ingen kommentar, seier Hamrén til NRK Trøndelag.

Per Ciljan Skjelbred håper ryktene ikkje stemmer.

– Då skal vi kose oss også neste sesong, seier Skjelbred.