Forskarane har undersøkt samanhengar mellom søvn, belastning og meistring hos mellom anna helsearbeidarar og lærarar.
Dei første resultata er publisert i to artiklar i tidsskriftet Sleep Medicine.
– Resultata viste at stress på jobb og bekymringar rundt helsekonsekvensane av pandemien, hadde ein samanheng med søvnproblem.
Det fortel Torhild Anita Sørengaard, universitetslektor og doktorgradskandidat ved NTNU. Ho har leia forskingsprosjektet saman med professor og søvnforskar Ingvild Saksvik-Lehouillier.
Funna er i samsvar med studiar frå andre land, som har vist at søvnproblem er utbreidd under pandemien.
– Ikkje eit fasitsvar
Forskingsprosjektet følgde arbeidstakarar i samfunnskritiske yrke frå våren 2020 til våren 2022. Det er henta inn opplysningar om mellom anna arbeidsmiljø, stress, søvn og helse kvar tredje til fjerde månad.
Deltakarane i studien hadde større grad av søvnproblem samanlikna med befolkninga før pandemien.
– Det finst ikkje eit fasitsvar på om arbeidstakarar i samfunnskritiske yrke har opplevd meir søvnproblem enn andre under pandemien, understrekar Sørengaard.
FORSKAR: Torhild Anita Sørengaard er doktorgradskandidat og universitetslektor ved institutt for psykologi på NTNU.
Foto: PrivatHo presiserer også at det er individuelle forskjellar i korleis ein reagerer i krevjande situasjonar. Enkelte handterer det godt, medan andre kan oppleve utfordringar. Dette gjeld også for arbeidstakarar i samfunnskritiske yrke.
– Arbeidstakarar i samfunnskritiske yrke har opplevd nye og fleire krav over lang tid, noko som kan ha gjort dei meir utsette for stress og bekymringar, seier Sørengaard.
Sjukepleiarar: – Pandemien forsterka søvnproblem
– Folk har jobba doble skift. Det er generelt meir stress og større arbeidsbelastning enn kva ein har vore vand med tidlegare, fortel Alice Gulbrandsen.
Ho er sjukepleiar ved akuttmottaket på St. Olavs hospital i Trondheim.
– Folk er slitne. Det er ikkje til å legge skjul på, fastslår 27-åringen.
Men ho trur ikkje det berre handlar om pandemien.
– Som sjukepleiar er ein vand med at ein ikkje får heilt optimalt med søvn alltid.
PÅ JOBB: Alice Gulbrandsen (27) jobbar ved akuttmottaket på St. Olavs hospital.
Foto: PrivatOgså Silje Myhra har merka stresset. Ho jobbar som sjukepleiar på Rikshospitalet.
– Søvnen blir påverka mykje. Det er på ein måte ikkje så nytt, men det er ein påverkande faktor at det er ein pandemi i tillegg. Ein blir jo liggande å tenkje på det.
27-åringen meiner at problem med søvn eigentleg blir mykje meir belyst på grunn av covid-19, men at det er reelt heile vegen – på grunn av høgt arbeidspress.
Stress og bekymring er risikofaktorar for søvnproblem
Myhra jobbar på barneavdeling, og seier dei er heldige som ikkje har vore så påverka av koronaviruset før omikronvarianten kom.
– IKKJE NOKO NYTT: Silje Myhra (27) meiner at stress og søvnproblem blir betre belyst på grunn av koronapandemien.
Foto: Privat– Vi har omdisponert sjukepleiarar, så det har vore færre å ta av på vår avdeling. Og det har hopa seg opp med utsette timar. Vi merkar eit større press no.
Under pandemien har ho jobba fleire nattevakter. Det likar ho, men ho merkar at døgnrytmen blir dårleg.
Sørengaard seier at stress og bekymring er kjende risikofaktorar for søvnproblem, ikkje berre under ein pandemi.
– Graden av stress og bekymringar kan vere større no – på grunn av den utfordrande situasjonen mange arbeidstakarar har stått i over lengre tid, påpeikar ho.
Arbeidsplassen må forsøke å hjelpe
Forskaren fortel om fleire farar ved å ikkje få god søvn.
– Dårleg søvn reduserer evna til å meistre stress, noko som kan bidra til ein ond sirkel med kronisk stress og søvnproblem. På lang sikt kan søvnproblem auke risikoen for både psykiske og fysiske lidingar – som til dømes depresjon og hjarte- og karsjukdommar.
Studien skal undersøke fleire problemstillingar når datainnsamlinga skal ferdigstillast i vår.
– Det står att å undersøke om graden av søvnproblem er stabil eller blir endra, og kva slags meistringsstrategiar som kan redusere risikoen.
– Kva kan arbeidsplassane gjere for å legge til rette for utslitne arbeidstakarar?
– Ein god plass å starte for leiarar er å ta ein prat med dei tilsette og spørje korleis dei har det.
Sørengaard meiner støtte og forståing frå leiar og kollegaer kan bidra til å redusere stress og bekymringar.
– Det finst fleire samanhengar mellom arbeidsmiljø, søvn og helse. Å styrke eitt av områda kan ha positiv effekt på dei andre.