NRK Meny
Normal

Søndag blir avgjerande for TIK

Trondheim ishockeyklubb er på offensiven for å unngå nedrykk. Torsdag blei det siger over Gjøvik, satsar på det same mot Manglerud Star på søndag.

Trondheim ishockeyklubb vann 6-2 over Gjøvik i torsdagens kvalifiseringskamp til eliteserien. No må laget greie eitt poeng i kampen mot Manglerud Star for ikkje å rykke ned.

Assistenttrenar, Einar Olsvik, fryktar at dersom klubben rykker ned, vil det ta lang tid før dei kjem seg opp i eliteserien igjen. Han er likevel godt nøgd spelarane sin innsats mot Gjøvik.

- Vi er det beste laget og det er spel mot eitt mål, likevel er vi udisiplinerte og slepp inn to mål, men vi vinn greit, seier Olsvik til NRK Trøndelag.

Avgjerande kamp søndag

Sesongen har vore eit mareritt for Trondheim ishockeyklubb, men dei er no i ferd med å skjønne alvoret.

Etter 6 -2 sigeren over Gjøvik på heimebane i Leangen ishall, venter Manglerud Star på søndag. Der skal det avgjerast om det Trondheim ishockeyklubb rykker ned eller ikkje.

- Vi er eit betre lag enn dei, og treng uavgjort eller betre, seier Olsvik.  

Motiverte spelarar

Gjøvik fekk i stor grad styre dei første ti minutt av kampen i går. Etter det kom Trondheim ishockeyklubb på banen og tok føringa heilt til få minutt gjenstod.

Etter ein rotete sesong med fokus, både på dårlege sportslege resultat og tilhøve utanom banen, er TIK-spelarane klare for å samle seg og gi alt i den viktige kampen på søndag.

- Eg skal reise heim og kvile, ete bra mat og trene. Søndag møter eg godt førebudd til kampen og gir 110 prosent, seier TIK-spelar, Espen Olsen Lie.