Hopp til innhold

Sommarflørt over Trøndelag

Trøndelag får sin første smak av sommar. Det er venta temperaturar opp mot 20 grader dei nærmaste dagane.

 

Sol
Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix

Det er spådd ei maihelg med sol og varme temperaturar i heile Trøndelag.

 

Sommarvarmen, som er like rundt hjørnet, får mange til å storme til Plantasjen i Trondheim. Der hamstrar dei både plantar og hagemøblar.

-  Eg skal kjøpe plantejord, margerittar og begonia. Dei har så fine fargar og pyntar opp til konfirmasjonen til helga, seier ei kvinne som besøkte Plantasjen i går ettermiddag.

Ein annan vi traff kjøpte seg nye krukker og urner for å pynte utanfor huset.

Varmt i ei veke

Sekkar med jord og tusenvis av plantar finn vegen ut frå Plantasjen i Trondheim. Det vitnar om at mange har tenkt å tilbringe helga utandørs.

Ifølgje statsmeteorolog, Jarl Andersen, kan trønderane sjå fram til å byte ut vinterhabiten for godt. Trønderane kan no sjå fram til å skifte ut vinterhabiten for godt. Han seier varmen, som kjem i dag, vil vare langt ut i neste veke.

 

- Det ser ut som vi får ein del varmluft over oss og det kan gi oss temperaturar på opp mot tjue grader, til dømes i Trondheim, seier Andersen til NRK Trøndelag.

Folk renn inn

Sol og varme betyr at Plantasjen kan sette ny rekord i omsetnaden, i år som i fjor.

Dei siste dagane har storinnrykket sett inn for alvor.

- Vi har nesten blitt tatt på senga. Brått rann det inn med folk som skal ha hagemøblar, utstyr og hageplantar, seier assisterande butikkleiar, Atle Lyså.

Stemorsblomsten er populær

Stemorsblomsten er så langt den store slageren på Plantasjen.

- Årsaka er nok at denne blomsten tåler kulde, og det er framleis ganske kaldt om natta, seier Lyså.

Andre igjen, som Jan Langnes, lurer på om hengekøye kanskje er sommarens slager.

- Eg har pussa opp heile hytta, så no er det berre beising utvendig som står igjen, så kan vi sette oss ned, seier Langnes.