Hopp til innhold

Solveig-Marie (28) er blind organist – må lage si eiga salmebok

4. januar er verdas punktskriftdag. Solveig-Marie Oma etterlyser notar og undervisningsmateriell for blinde.

Solveig-Marie Oma (28) sit ved orgelet

BLIND ORGANIST: Solveig-Marie Oma (28) vikarierer som organist i Malvik. Som blind må ho lage si eiga salmebok.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Eg ynskjer at det blir mykje lettare å få tak i notar. Det er litt vanskeleg å få gjort jobben utan.

Det seier Solveig-Marie Oma (28) frå Trondheim. Ho vart fødd sterkt svaksynt. Som sjuåring var ho heilt blind.

Etter å ha tatt ein bachelor i kyrkjemusikk i Tromsø, meiner ho at lærekompetansen og undervisningsmateriellet for blinde må bli betre.

No vikarierer ho som organist i Malvik. Salmeboka er enno ikkje produsert med punktskrift, fortel 28-åringen.

– Eg måtte lage mi eiga salmebok. Det er mykje jobb. Og det blir ikkje like bra.

Verdas punktskriftdag

4. januar er det FN sin internasjonale dag for punktskrift. Dagen er lagt til oppfinnaren av punktskrifta, Louis Braille sin fødselsdag.

Ifølge Verdsorganisasjonen for helse (WHO) er det rundt 1,3 milliardar menneske i verda som lever med ei form for synshemming. Nærare 320.000 nordmenn har ei synshemming. Ein reknar at i underkant av 10.000 er blinde i Noreg.

– Vi kjempar for at det skal bli betre kompetanse i skule- og utdanningsinstitusjonar, og at det skal bli betre tilgang til materiell på punktskrift. Det burde vere sjølvsagt, men dessverre opplever mange at det er mangelfullt.

Det seier generalsekretær Per Inge Bjerknes i Norges Blindeforbund.

Punktskrift

PUNKTSKRIFT: 4. januar er FN sin internasjonale dag for punktskrift.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Bjerknes meiner det er viktig at punktskrift blir utvikla og teke i bruk på alle samfunnsarenaer.

– Vi ynskjer at det blir stilt krav om at punktskrift blir brukt på merking i bygningar og på merking av matvarer i butikkar til dømes. Det er viktig at språket blir brukt, slik at vi også har tilgang på informasjon – på lik linje med dei som ser.

Må lære all musikk utanåt

Han fortel om ei samfunnsutvikling der blinde og svaksynte for ein del tiår sidan i stor grad var innanfor eit fåtal av yrke. No har dei mange ulike yrke.

– Det betyr at det også vil bli stilt krav om bruk av punktskrift på stadig fleire samfunnsområde, for at blinde og svaksynte skal kunne ta ulike typar jobbar.

Generalsekretær Per Inge Bjerknes Norges Blindeforbund

GENERALSEKRETÆR: Per Inge Bjerknes er generalsekretær i Norges Blindeforbund.

Foto: Tom-Egil Jensen

Det er ikkje heilt enkelt å finne verktøy for blinde organistar, når ein brukar hendene til både å spele og lese punktskrift.

Oma må lære all musikk utanåt. Det tar lang tid.

– Det kan vere vanskeleg, men det er fullt mogleg. Det er lurt å vere god på improvisasjon, seier ho.

Bjerknes kallar dette ei kjent problemstilling.

– Kanskje vi må vere avhengige av å basere oss på hukommelsen i ein del samanhengar, men ein kan betre situasjonen så mykje som mogleg gjennom nye verktøy.

Eit tradisjonelt yrke for blinde

Oma fortel at å vere organist er eit av dei gamle, tradisjonelle yrka for blinde i Noreg. Ifølge 28-åringen er det berre tre blinde organistar i Noreg no, men på eit tidspunkt var det nærare 50.

– Eg trur grunnen til det er at det ikkje er så mykje kompetanse på musikkutdanning for synshemma og punktskriftnotar i Noreg akkurat no.

Solveig-Marie Oma (28) les punktskrift

LES PUNKTSKRIFT: Solveig-Marie Oma ynskjer at det skal bli betre kompetanse og meir undervisningsmateriell tilgjengeleg for blinde.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Bjørn Andor Drage er professor på orgel ved Universitetet i Tromsø. Han underviste Oma i studietida.

– Det vi særleg vart gjort oppmerksame på, var at ein del av undervisningsmateriellet ikkje er tilrettelagt for blinde studentar. Til dømes songbøker.

Likevel finst det ein del materiale i punktskrift. Men ein må ut av landet for å finne det.

– Det finst eit institutt i Frankrike som har gjort all musikken av Johann Sebastian Bach og ein del andre kjende verk frå litteraturen tilgjengeleg i blindeskrift.

orgelprofessor Bjørn Andor Drage

ORGELPROFESSOR: Bjørn Andor Drage ved Universitetet i Tromsø.

Foto: Kari Skeie / NRK

Han seier at universitetet har forsøkt å legge til rette så godt dei kan.

– Vi la til rette for at ho kunne ta studiet over lenger tid. I starten skreiv eg musikken inn på eit dataprogram og sende det til ho i eit filformat der ho kunne omsette til punktskrift sjølv.

Etter kvart fekk Oma eit nettverk ute i verda med folk som har kompetanse på dette feltet.

Deltek i internasjonalt prosjekt

Det finst håp. No deltek Oma i eit stort internasjonalt prosjekt som jobbar med å utvikle betre digitale verktøy for blinde.

Arne Kyrkjebø er avdelingsleiar i Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek. Han starta prosjektet.

– Dette med musikk for blinde har vore eit evig problem. Eg løfta problemstillinga og sette i gong ei kartlegging globalt. Dei fleste hadde problem med å tilby gode verktøy for blinde.

MUSIKALSK: Solveig-Marie Oma spelar «Trio Sonata» av Johann Sebastian Bach.

Han fortel at det var veldig lite kompetanse og gammaldagse metodar. Derfor tok dei grep.

– Det er ei global frykt i miljøet for at kompetansen vil forsvinne i løpet av få år.

Det finst mange blinde musikarar. Kyrkjebø meiner dette er eit område det er viktig å dekke.

– Det er heilt klart at mangelen på opplæring, litteratur og tilgang til verktøy, har redusert moglegheitene til synshemma for å studere musikk. Det er det ingen tvil om. Det er det vi forsøker å løyse no, fastslår han.