Hopp til innhold

Solkrem for barn er verst i test

Dei fleste solkremar inneheld hormonforstyrrande og allergiframkallande stoff. Mange av desse er solkremar for barn.

Hilde

BRUKAR SOLKREM: Hilde er nøye med smøringa på stranda.

Foto: Evelyn Therese Berg Hansen / NRK

– Det mest skremmende er at solkrem for barn kjem verst ut.

Hilde er på Bystranda på Steinkjer med dottera si. Ho er nøye med å bruke solkrem, og sjekka anbefalingane til Forbrukarrådet før ho kjøpte solkrem.

Forbrukarrådet har nemleg testa 47 solkremar som er på marknaden i dag.

Berre 13 av dei 47 kremane var utan hormonforstyrrande og allergiframkallande stoff.

Erik Vigander

EIN HANDFULL KREM TIL EIN KROPP: Erik Vigander i Kreftforeninga oppmodar folk om å vise solvett.

Foto: Kreftforeningen

Fleire av dei 13 var solkremar spesielt retta mot barn.

– Ein stoler jo på at produkt du får kjøpt i butikkane er godkjente. Men slik er det visst ikkje, seier Hilde.

Cocktaileffekt

– Om ein brukar mange kremar med hormonforstyrrande og allergiframkallande stoff frå ein er barn, kan ein få ein såkalla cocktaileffekt, seier Erik Vigander i Kreftforeninga.

Ein cocktaileffekt vil seie at sjølv om eitt produkt åleine ikkje er helseskadeleg, kan langvarig og høg bruk av mange slike produkt til saman vere skadeleg.

Vis solvett!

– Det viktigaste er likevel at vi faktisk brukar solkrem når vi er i sola. Mange er redde for kreftframkallande stoff i kremar, men det kan òg vere farleg å ikkje bruke solkrem, seier Vigander.

Her er hans beste tips for å ikkje få solskader:

  • Bruk éin handfull solkrem til éin kropp.
  • Ta pausar frå sola når den er på sitt sterkaste.
  • Dekk deg til.

– Vi pleier å seie at ein må vise solvett.