Hopp til innhold

Reddar kvinnehelse og skog med solenergi

Kvinner i Etiopia får store helseproblem av å puste inn røyk medan dei lagar mat ved hjelp av vedfyring. No arbeider NTNU-studentar med å få bukt med problemet ved å utvikle ein soldriven omn.

Sebastian Vendrig og Mari Hareid

DOKTORGRAD: Sebastian Vendrig og Mari Hareid har henta inspirasjon frå ein doktorgrad i arbeidet med solomnen. Doktorgraden er avlagt ved NTNU, men skriven av etiopiaren Asfafaw Haileselassie Tesfay.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

– Det er få som har tilgang til elektrisitet i Etiopia, så dei bruker vedfyring for å lage mat. Det er noko av grunnen til at dei slit med avskoging i Etiopia – det er nesten ikkje skog att i det tørre landet, seier Mari Hæreid.

NTNU-studentane Mari Hæreid og Sebastian Vendrig er to av fem gründerspirer som arbeider med å utvikle ein soldriven omn som skal brukast til matlaging i det solrike landet.

Kvinnene som lagar mat får problem med helsa fordi dei pustar inn så mykje røyk medan dei lagar mat. Fleire av desse kvinnene står på kjøkenet og lagar mat heile dagen, og difor ser me eit behov for nye løysingar, fortel Hæreid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Baking av tradisjonelt etiopisk brød

RØYKFYLT: Etiopiske kvinner får ofte helseproblem av å puste inn røyk medan dei lagar mat.

Foto: Sebastian Vendrig / NTNU

Takk, Gud for vår daglege injera

– Etiopiarane har sin eigen vri på bønna Fadervår. Når dei har bønnemøte, seier dei i Etiopia – takk, Gud for vår daglege injera i staden for vårt daglege brød, humrar Vendrig.

Bønneutsegnet seier noko om kor viktig brødet er for etiopiarane.

– Injera er ei slags lefse. Det ser nesten ut som ei stor, norsk pannekake. I Etiopia bruker ein brødet til å forsyne seg med mat i staden for å bruke bestikk. Dei et injera til både frukost, lunsj og middag – dei bruker rett og slett injera til alle måltid, fortel Hæreid.

  • Høyr Vendrig og Hareid fortelje om solomnen i Norgesglasset:

(Artikkelen held fram under biletet)

Tradisjonelt etiopisk brød

TRADISJONELT BRØD: Injera blir ete til alle måltid i Etiopia.

Foto: Sebastian Vendrig / NTNU

Trøndervêret kjem til kort

– Me har prøvd å teste prototypen i Trondheim, men no om vinteren er det ikkje nok sol til at me får omnen ordentleg i gang, seier Vendrig.

Studentane har difor tydd til elektrisitet for å sjå om omnen fungerer.

– Me har kopla varmekablar rundt røret og varma han med straum i staden, og har lata som om straumen er sola. Så har me kopla frå straumen, slik at det varmelageret me har er det einaste som gjev frå seg energi. Etterpå testa me om det gjekk an å bake på omnen, noko det gjorde. Det er veldig bra, for det viser at ein kan lage mat på omnen til og med på natta eller tidleg om morgonen når det ikkje er sol, forklarer Vendrig.

Vendrig er nett komen att frå møteverksemd i Etiopia, og fortel at den etiopiske idéhavaren Asfafaw Haileselassie Tesfay framleis er der nede for å teste ein av prototypane deira.

– Han hentar inn erfarne kvinner som er dyktige til å bake injera, for det er litt komplisert korleis han skal bakast på riktig måte. Du må ha riktig temperatur og sirkelrørsler når du heller på røra. Difor er det viktig å få erfarne kvinner til å teste ut omnen, slik at me kan få tilbakemeldingar på om det fungerer like godt som dei tradisjonelle omnane der ein fyrer med ved, fortel Vendrig.

– For det er berre kvinnene i Etiopia som kan lage mat, skjønar du, legg Hæreid til.

I første omgang blir produktet retta mot institusjonar som sjukehus, skular, universitet, restaurantar, hostell og hotell. Om alt går etter plana, kjem produktet på marknaden i 2015.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sebastian Vendrig og Mari Hareid

STOR KONSTRUKSJON: Vendrig og Hareid viser fram kjelen som skal stå inne i huset. Resten av konstruksjonen skal vere utanfor.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Utvikling av gründertalent

Hareid og Vendrig har fått hjelp til å realisere prosjektet sitt gjennom rettleiingstenesta Spark NTNU. Spark er utvikla i eit samarbeid mellom NTNU og TrønderEnergi.

Studentane får gjennom Spark hjelp til både planlegging og til å utnytte ressursane som finst ved NTNU. Dei får sin eigen mentor, og kan søkje om økonomisk stønad gjennom noko Spark kallar "Pengesprøyten".