NRK Meny
Normal

Solbu held fram som rådmann

Elin Rognes Solbu held fram som fungerande rådmann i Trondheim kommune i eitt år framover.

Elin Rognes Solbu

Elin Rognes Solbu har fungert som rådmann sidan Snorre Glørstad gjekk av.

Foto: Trondheim kommune © Trondheim kommune

– Det er ein spennande og viktig jobb, seier Elin Rognes Solbu til NRK.no.

Solbu blei konstituert på eit ekstraordinært formannskapsmøte i Trondheim fredag klokka 1200.

– Det er ein spennande, men utfordrande jobb å vere toppleiar for 12 000 tilsette og for ein omfattande tenesteproduksjon i Noregs tredje største by, seier ordførar i Trondheim, Rita Ottervik, til NRK.no.

Skulda for løgn

Kommunaldirektør for utvikling Elin Rognes Solbu har vore konstituert som rådmann i Trondheim sidan Snorre Glørstad blei sjukmeldt då det storma som verst rundt handteringa hans av den såkalla «Kraftfond-saka». tidleg i februar i år.

21. juli gjekk Snorre Glørstad av på dagen etter skuldingar om løgn i «Kraftfond-saka»

Skudingane kom frå opposisjonsleiar Yngve Brox.

– Skuldingane om løgn frå Yngve Brox går utover mitt tillitsforhold med bystyret, og det kan eg ikkje leve med, sa Snorre Glørstad til NRK.no i juli.

Ikkje lyst ut

Stillinga som rådmann har ikkje blitt lyst ut. Kommunen skal behandle eit forslag om innføring av parlamentarisme i Trondheim, og rådmannstillinga vil endre seg dersom det blir vedteke.

Den omstridt «Kraftfond-saka» er no drøfta i Bystyret.

– Saka skal behandlast vidare i kontrollkomiteen. Rådmannen har sendt den over til politisk behandling, så får vi sjå korleis det går vidare, seier Solbu.