Målet til Livsglede for eldre er å gi tilbod til eldre, slik at dei kan koma seg ut og i aktivitet – og ikkje bli sitjande åleine heime. No har organisasjonen mobilisert skular, idrettslag og butikkar for å få dei med på laget i arbeidet med å skape meir livsglede blant dei eldre.
Les: Fotballjentene blei Turids (89) nye venninner
Linda Gjørøy er livsgledekoordinator i Trondheim og ønskjer at fleire eldre vil nytta seg av tilboda dei har, og vender seg direkte til eldre:
Søkjer fleire eldre
– Dersom du bur i Trondheim kommune og ønskjer å ha besøk av fotballungdom eller ein livsgledehandyman, eller ønskjer å bli med oss ut på tur i marka, ta kontakt med oss, oppmodar ho.
Livsgledekoordinator Linda Gjørøy vil gjerne at fleire eldre tar kontakt. – Dei er hjarteleg velkomne, seier ho.
Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRKElevane ved Helse- og oppvekst ved Byåsen vidaregåande skole er blant dei som er med i skoleprosjektet som er eit samarbeid mellom Trondheim kommune og den vidaregåande skulen.
Ein gong i veka arrangerer elevane aktivitetstur, og dei står sjølve for all planlegging og gjennomføring, som ein del av praksisen. Målet er å. skape livsglede for heimebuande eldre som slit med å kome seg ut og som kan vere einsame.
Blir godt kjende
Og unge og eldre blir etter kvart godt kjente.
– Eg gler meg til desse dagane på Lavollen, og sidan eg begynte, har eg vore der kvar veke, seier Ester Bremnes.
Ho sit på ein stubbe uti skogen, i lag med skoleeleven Arjun Nepal Chhetri, som denne veka har ansvaret for planlegginga.
– Eg gler meg til desse turane, seier Ester Bremnes som sit og filosoferer litt i lag med Arjun Nepal Chhetri.
Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK– Eg synest du har vore litt flinkare i dag enn sist, og du har ikkje vore så tungpusta heller, seier han til Ester.
– Nei det går bra, ein må ta det som ein føler det, svarar ho.
Set teori ut i praksis
For elevane som studerer helse- og omsorgsfag er desse turane inn til Lavollen i Bymarka eit godt høve til å setje teori ut i praksis. På Lavollen der dei har tilhald ein gong i veka, er det ikkje berre turar i skogen, men også allsong og dans, unge og eldre i lag.
Og livsgledekoordinator Linda Gjørøy håpar altså at fleire eldre skal melde seg til dei ulike aktivitetane organisasjonen har.
– Så det er plass til fleire..?
– Ja, det er det, seier ho bestemt.
– De er hjarteleg velkomne, seier ho til dei eldre.
Både dans og allsong høyrer med når det blir skapt livsglede både blant gamal og ung på Lavollen.
Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK