Slik vil Louise (35) effektivisere smittesporinga

TRONDHEIM (NRK): Ei digital besøksregistrering skal gjere det enklare å kontakte gjester om det blir oppdaga koronasmitte på serveringsstadar.

Louise Juul Helliksen

GRÜNDER: Louise Juul Helliksen (35) har utvikla ei plattform for digital besøksregistrering. Gjestene registrerer seg med mobiltelefonen sin, og restauranten beheld då kontaktinformasjonen deira i 28 dagar.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Trønder-gründer Louise Juul Helliksen (35) står i spissen for utviklinga av konseptet. Ho er dagleg leiar i teknologiselskapet ME Data AS, som står bak tenesta «SafeSpot».

Gjestene på ein kafé, restaurant eller anna besøksstad registrerer seg med sin eigen mobiltelefon. Dei får ein QR-kode dei må skanne, før dei fyller inn kontaktinformasjon.

– Vi har sett i media at smittesporinga er utfordrande, fordi mange manglar namneoversikt, og det finst svært mange forskjellige måtar å registrere folk på, seier ho.

SafeSpot

KODE: Gjestene må skanne ein QR-kode for å registrere kontaktinformasjonen sin.

Foto: Erland Knutsen / NRK

Frivillig registrering

Personvern er ei ekstra utfordring i kampen mot korona. Ifølge ei undersøking frå Amnesty International er FHI sin app «Smittestopp» ein av dei verste i verda på personvern. Tidlegare i sommar sletta FHI alle data frå appen etter varsel frå Datatilsynet.

Firmaet til trønderen har andre metodar for å stoppe smitten. Ho fortel at dei har gjort dei nødvendige vurderingane for å ta vare på personvernet i tråd med offentlege lover.

Louise Juul Helliksen sitter foran pc-skjermene sine på hjemmekontoret sitt i stua.

PERSONVERN: Det var viktig for gründeren å ta vare på personvernet til folk i utviklinga av plattformene for både koronastatus og besøksregistrering.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

– Eg synest det er viktig å påpeike at den besøkande aktivt må gå inn på nettsida og registrere seg sjølv. Det er heilt frivillig, fastslår gründeren.

Serveringsstaden har då namnet og kontaktinformasjonen til vedkommande i éin månad. Dersom det skulle oppstå eit tilfelle av koronasmitte hos tilsette eller besøkande, er det enklare å kontakte folk som nyleg har vore innom.

Førre helg fekk to tilsette ved to ulike utestadar i Trondheim påvist koronasmitte. Då var det vanskeleg å vite kven som hadde vore der.

Restauranteigar: – Ein enklare kvardag

På restauranten Lille Skansen i Trondheim har dei no teke i bruk «SafeSpot».

– Eg trur det blir ein enklare kvardag for oss. Vi hadde lister med namn og telefonnummer, men no får vi alt registrert digitalt. I den digitale verda er dette heilt topp, seier dagleg leiar, Daniel Johansson.

Gjestene blir registrerte med både dato og tid.

– Om vi får vite at ein gjest som er smitta har vore her onsdag klokka to, veit vi at alle som har vore her etter det tidspunktet bør få beskjed.

Han held fram:

– Vi må ta dette på alvor. Vi tar alle forholdsreglar, og har fått veldig gode tilbakemeldingar. Folk føler seg trygge her hos oss, seier Johansson.

Daniel Johansson

TAR SMITTEVERN PÅ ALVOR: – Vi er sikkert i overkant strenge, men eg trur det er lurt, seier Daniel Johansson, dagleg leiar på Lille Skansen i Trondheim.

Foto: Erland Knutsen / NRK

Frå globalt til lokalt

Då koronapandemien braut ut hadde Trondheimsfirmaet allereie utvikla ei plattform. Gründeren oppfordra då alle til å registrere sin eigen koronastatus. Selskapet ynskte å bidra i kampen mot viruset.

Det var då ideen om besøksregistrering dukka opp. Selskapet var ambisiøse. Konseptet vart eigentleg utvikla for internasjonal bruk.

Men så endra dei planane.

– Vi jobba for å gå globalt, og så har vi snudd oss om og gått veldig lokalt, sidan vi fekk ei betydeleg oppblomstring av smitte spesielt i Trondheim, men også i Noreg, seier 35-åringen.

Ei rekke land har innført obligatorisk besøksregistrering hos mellom anna pubar, restaurantar, kafear og frisørar.

– Ei utfordring med smitte på utestadar

Konseptet vil forenkle arbeidet til smittesporarane i kommunane. Kommuneoverlege i Trondheim kommune, Tove Røsstad, håpar fleire ynskjer å ta i bruk besøksregistreringa.

Ho er bekymra for utviklinga med stadig fleire ukjende smittekjelder i byen.

– Det er ei utfordring med smitte på utestadar. Der det ikkje er bordbestilling veit ein ofte ikkje kven som har vore innom.

Ho påpeikar at det blir lettare for kommunen å drive smittesporing, men også for folk å vere oppmerksam på at dei kan ha blitt smitta.

– Det er ikkje sikkert at dei som har vore på utestaden framleis er i byen. Dei får kanskje ikkje med seg at det har vore eit utbrot, og er dermed heller ikkje oppmerksam på symptom.

Tove Røsstad

BEKYMRA: I Trondheim er det stadig fleire koronatilfelle med ukjende smittekjelder. Det bekymrar kommuneoverlegen Tove Røsstad.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Ho opplever at utestadane generelt er flinke til å seie ifrå dersom gjestene ikkje følgjer smittevernreglane.

– Det at dei faktisk har ei smittevernlov å følgje, gjer at dei kan gje beskjed med ekstra tyngde. Eg opplever at dette er ein seriøs bransje, i det store og heile, seier ho.

Ikkje berre for utelivsbransjen

Trondheimsselskapet er i dialog med fleire som er interesserte i tenesta. Over 50 aktørar vil ta i bruk «SafeSpot» i løpet av dei neste vekene. Også utanfor Trondheim.

– Dei ynskjer å få ei betre oversikt over besøkande, og raskare kontroll på ei eventuell smittespreiing. Vi har også fått svært gode tilbakemeldingar frå besøkande, fortel gründeren.

Både restaurantar, kafear og utestadar er interesserte i besøksregistreringa, men også arrangementsaktørar. Selskapet har vore i dialog med hotell, idrettslag og kontorfellesskap der dei ikkje har vanlege innsjekkingsrutinar blant dei tilsette.

– Vi håpar at vi kan bidra til å effektivisere smittesporinga for kommunane rundt omkring i Noreg. Vi er spente på korleis myndigheitene, både lokalt og nasjonalt, tek vidare grep for smittesporing, avsluttar ho.

Sjå TV-saka frå restauranten Lille Skansen i Trondheim her:

Trondheimsfirmaet «Safe Spot» har utvikla eit digitalt besøksregister som skal gjere det enklare for serveringsstader å spore koronasmitte.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 27.11.2021
16 124
Smittede siste 7 dager
221
Innlagte
1 050
Døde
4 229 770
Vaksinerte