Hopp til innhold

Smittesporarar på intens jakt etter korona

TRONDHEIM (NRK): Koronasmitten aukar i Trondheim. Smittesporarane i kommunen jobbar på spreng i håp om å få kontroll på smittespreiinga.

Smittevernoverlege Eli Sagvik i Trondheim kommune.

SMITTESPORING: – Listene over personar vi må kontakte blir lengre og lengre, fortel smittevernoverlege Eli Sagvik i Trondheim kommune.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Det er ein kritisk situasjon. Det har auka kraftig dei siste vekene. No har vi situasjonar der vi ikkje klarer å spore smitten, seier smittevernoverlege Eli Sagvik i Trondheim kommune.

Det er travle dagar for smittesporarane i Trondheim kommune, som jobbar hardt for å avdekke eventuelle nye smittetilfelle.

Denne helga har totalt åtte personar testa positivt på koronaviruset i Trondheim. To utestader har stengt dørene etter at det blei påvist koronasmitte hos to av dei tilsette.

Frå slutten av juli begynte koronasmitten å auke i Trondheim. I førre veke sa fungerande kommuneoverlege, Elizabeth Kimbell, at ho fryktar ei ny smittebølge. Ho kalla utviklinga urovekkande.

Ringer alle nærkontaktar

Smittesporingsteamet til Trondheim kommune blir varsla av laboratoriet på St. Olavs hospital når eit nytt prøvesvar er klart. Då startar det omfattande kartleggingsarbeidet.

– Vi får tak i kontaktinformasjon og ringer den som er koronasmitta. Vi må kartlegge alle aktivitetar til personen, kor vedkommande jobbar, og kva den smitta elles har gjort på fritida.

Ruth Rømma, helsesjukepleiar. Arbeider med koronatelefonen i Trondheim.

RINGERUNDE: Helsesjukepleiar Ruth Rømma ringer nærkontaktar av personar som har fått påvist koronasmitte.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Smittesporarane spør kven vedkommande har vore i kontakt med, og kartlegg alle nærkontaktane når dei har fått desse namna. Dei må ringe alle, og vurdere kor tett på den smitta dei har vore.

– Dersom dei blir definert som nærkontaktar blir dei sett i karantene i 10 dagar, opplyser Sagvik.

Aukar testkapasiteten

Trondheim kommune har tre teststasjonar på Leutenhaven. I morgon får kommunen ein fjerde teststasjon. Dei merkar godt at fleire ynskjer å teste seg.

– Her er det fullt køyr. Det har vore veldig travelt dei siste dagane. Folk har jobba doble vakter, fortel Marit Hovind, som er sjukepleiar ved koronateststasjonen i Trondheim.

Ho fortel at det i løpet av eit døgn er mellom 300 og 400 personar innom for å teste seg. Det tar om lag eit døgn før dei får prøvesvaret.

Sykepleier Marit Hovind ved koronateststasjonen i Trondheim.

TRAVLE TIDER: – Folk har jobba doble vakter, fortel Marit Hovind, som er sjukepleiar ved koronateststasjonen i Trondheim.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Kommunen vil i tillegg få to ambulerande bilar mot slutten av veka, som kan reise heim til folk for å teste dei.

– Vi jobbar vidare med å utvide testtilbodet. Det er veldig stor pågang, seier Sagvik.

Krevjande smittesporingsarbeid

Utestadane Bar Circus og Diskoteteket måtte nyleg stenge dørene etter at to tilsette testa positivt på koronaviruset. Så langt har 12 personar hamna i karantene.

Smittekjelda er ukjent ved utestadane, og arbeidet med oppsporing er i gong for fullt.

– Vi har bedt utestadane sjølv om å kartlegge om dei er i stand til å komme i kontakt med gjestene. Er dei ikkje det, må vi oppfordre gjester ved dei aktuelle utestadane om å ta kontakt med våre smittesporarar, seier kommunikasjonssjef Harry Tiller i Trondheim kommune til NTB.

Utestadane samlar mykje folk, og gjer smittesporingsarbeidet mykje vanskelegare.

– Det er ekstra krevjande. Mange av nærkontaktane til dei smitta er gjester vi ikkje har namneoversikt på, så då er det viktig at eigarane av utestadane går ut med info i sosiale medium for å varsle alle som har vore innom den siste tida, fortel smittevernoverlegen.

Bar Circus i Trondheim. Stengt på grunn av korona.

STENGT: Utestadane Bar Circus og Diskoteket i Trondheim har stengt dørene etter at to tilsette har fått påvist koronasmitte.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Etter at dei to utestadane stengde har smittesporarane allereie merka større pågang på telefonen. Dei oppfordrar folk som har vore på utestader som stenger om å vere ekstra oppmerksame på symptom.

– Dersom du har feber, luftvegssymptom eller har mista smak- og luktesans, skal du halde deg heime og isolere deg. Då må du ringe koronatelefonen og få testa deg. Det er veldig viktig, fastslår Sagvik.

– Det kan ta lang tid før ein får symptom dersom ein er smitta. Bør ikkje alle som besøker stader som seinare stenger på grunn av koronasmitte vere i karantene?

– Vi snakkar med folk og vurderer undervegs. Dersom dei ikkje har vore veldig tett på dei smitta, hamnar dei ikkje i karantene. Men alle må vere veldig obs på om dei har symptom, også heilt milde symptom, seier smittevernoverlegen.