Hopp til innhold

Sluttar etter 36 år i politiet

Anders Bang Danielsen starta i politiet i 1978, og har patruljert ute i gatene stort sett i alle desse åra. Jobben hans er i ferd med å gjere han til kjendis – berre nokre månader før han blir pensjonist.

Anders Bang Danielsen har blitt Trondheims mest kjende politimann - men skal snart gå av med pensjon.

Han sjekkar stjålne bilar, jagar heim fulle ungdommar og handterer media ved store hendingar. Anders Bang Danielsen kjenner trondheimsgatene ut og inn.

Du har sett han som myndig politimann i TvNorge Max-serien Nattpatruljen. Her tar han innbrotstjuvar på fersken, han dirigerer væpna aksjonar, og han jagar heim fulle og bråkete ungdommar frå Midtbyen i Trondheim.

Du såg han òg da han sto midt i situasjonen etter at brua på Rotvoll kollapsa for litt over eit år sidan.

– Gjer dei kriminelle utrygge

Men kvardagen til Anders Bang Danielsen handlar mykje om å vere til stades der det kan hende at det kjem til å skje noko.

– No skal vi kjøre litt i sentrum og danne oss eit bilde av kva som skjer der. Så skal vi dra til eit par adresser der vi trur at ein eller to etterlyste oppheld seg, seier han før han set seg inn i patruljebilen.

Til saman er det 62 år med politierfaring i bilen. Bang Danielsen starta i politiet i 1978, og makker Geir Arne Sjøhagen starta i 1989.

Turen går innom fleire kjende trondheimsadresser. Når politiet viser seg i nabolaget, blir dei kriminelle litt utrygge, og vanlige folk trygge.

– Det er viktig å vere i nærleiken og førebyggje slik at folk ser at vi er der, seier Anders Bang Danielsen, som så smått har begynt å tenke på at han skal gå av med pensjon i februar neste år.

– I løpet av hausten må eg førebu meg mentalt på at det er slutt, seier han.

– Han er ein informasjonsbank

Geir Arne Sjøhagen

Geir Arne Sjøhagen kjører patrulje saman med Anders Bang Danielsen.

Foto: Stein Roar Leite / NRK
Anders Bang Danielsen

Anders Bang Danielsen har 36 år med erfaring frå trondheimsgatene.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Han fyller 60 år, og dermed er ei lang og tru teneste i politiet over.

– Trondheimspolitiet vil miste masse kompetanse når han sluttar, seier makker Geir Arne Sjøhagen.

– Han har etterretningskunnskap om det kriminelle miljøet, og han har eit minne som er heilt utruleg. Det er ein informasjonsbank som vi kan hente ut ting frå. Den banken forsvinn frå politiet, og det er synd, seier Sjøhagen.

Lever greit som kjendis

Når det gjeld kjendisstatusen, er Bang Danielsen avslappa.

– Det er jo gjennom jobben som innsatsleiar at folk kjenner att meg. Eg har vore med på ein del hendingar som har fått merksemd i media, og da blir det slik, seier han.

Han fokuserer på det som til ei kvar tid skjer der han er.


– Eg er ganske prestasjonsorientert. I det ligg det at når eg tek på meg ei oppgåve, som denne jobben, så går eg hundre prosent inn for den. Når eg blir pensjonist, må eg slå av den brytaren. Så får vi sjå om eg greier det, seier Anders Bang Danielsen.

– Eg må jo greie det, avsluttar han.