Hopp til innhold

Slo og sparka mot politiet

To menn blei sikta for vald mot offentleg tenestemann i Steinkjer sentrum i natt.

Steinkjermartnan

RÅDSLAGING: Mannskap frå Raude kross og politiet var i Steinkjer sentrum i natt.

Foto: Terje Næss

Ein mann i byrjinga av 20-åra slo og sparka ein politibetjent i Steinkjer sentrum i 01-tida i natt.

Det fortel operasjonsleiar Monica Ravlo ved Nord-Trøndelag politidistrikt.

Politiet snakka til ein mann i Steinkjer sentrum kl. 01 i natt for å gje han pålegg for atferda si. Ein annan mann byrja å blande seg inn og skubbe unna politiet.

Begge dei to blei utagerande, og ein av mennene byrja å slå og sparke mot ein politiebetjent.

Politibetjenten måtte sy tre sting i ansiktet.

Dei to mennene er 20 og 21 år, og var berusa då det skjedde.

Dei vart pågripne og sit no i varetekt hos politiet. Dei vil bli avhøyrt når dei er i stand til det, seier Ravlo.

Elles var det mykje folk i Steinkjer sentrum i natt på grunn av Steinkjermartnan. Det var konsertar og tivoli der laurdag kveld, og mykje berusa folk i gatene. Politiet hadde ekstra mannskap der i natt.