Hopp til innhold

Slepp magen fri!

Det er bodskapen til lege Kari Løvendahl Mogstad. Ho meiner at magen er vårt siste tabu i debatten om kroppsideal og kva som er vakkert.

Fleskemage

Rumpe, lår og puppar får lov til å vere kraftige og store, medan magen skal vere flat. Det strider i mot naturen for veldig mange av oss, seier lege Kari Løvendal Mogstad.

Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen / NRK

I ein kronikk i Adresseavisen onsdag spør ho om det er vår tids siste tabu-kroppsdel?

Det finst ikkje grenser for kor mykje me stressar med å få flatare mage. Sit ups, trening, slanking, hold-inn klede og kva med berre å halde inn magen?! Me gjer kva som helst for at den ikkje skal henge utanfor buksa.

Kari Løvendal Mogstad

Fastlege og universitetslektor ved NTNU Kari Løvendal Mogstad oppmodar deg til å sleppe magen fri.

Foto: Juliet Landrø / NRK

Fastlege og universitetslektor ved NTNU, Kari Løvendal Mogstad har inntrykk av at folk har eit anstrengt forhold til magen sin.

– Og kanskje mest oss damer, trur eg. Rumpe, lår og puppar får lov til å vere kraftige og store, medan magen skal vere flat. Det strider i mot naturen for veldig mange av oss, seier Mogstad.

Ho skriv i kronikken at undersøkingar viser at det er veldig mange av oss som ser på magen som den største uroa når det gjeld utsjånaden. Over 40 prosent sa i ei undersøking i Frankrike at dei ikkje likar magen sin.

Magar skal vere ulike, og sjå forskjellige ut.

– Det er så klart ikkje lurt helsemessig å ha ein diger og feit mage, men her snakkar me om å vere glad i den magen ein har, så lenge ein tek vare på helsa si. Eg meiner me skal slappe av og puste ut med den magen me har.

Viktig å puste ut

Det er ikkje sunt å halde inne magen for å få den til å sjå slankare ut.

– Det er ikkje bra for bruken av mellomgolvet og bruken av pusten vår. Hold-in produkt held inne tarmane og eg ser som lege vanskar med forstopping og treg mage både blant unge og vaksne. Eg trur det kan ha noko med at me held inne magen og ikkje pustar som me bør gjere, fordi me skal sjå slankare ut.

Ho møter barn heilt ned i barneskulealder som ikkje har lyst til å kle av seg.

– Dei er redd for å ikkje ha fin nok mage og har fått høyrt at den er for stor. Det er kjempetrist, seier ho.

Andre funksjonar

Tarmane tek opp det meste av magevolumet og her går føre seg det viktige prosessar, held lege Kari Løvendal Mogstad fram.

– Magen er spegelen til sjela. Tarmane må få fritt spelerom for å fungere. Det går føre seg viktige prosessar for helsa vår i magen.