Hopp til innhold

Smugla smittefarlege hundar frå Polen – slapp med 1000 kroner i bot

Dei innsmugla hundekvalpane var ikkje vaksinerte og mangla all annan dokumentasjon. Sikta risikerte 9600 kroner i bot. Retten meinte 1000 kroner var nok.

Smugla hunder fra Polen

IKKJE VAKSINERT ELLER BEHANDLA: Hundekvalpane frå Polen som vart lagt ut for sal i Noreg, var ikkje vaksinerte mot rabies. Dei var utan ID-merke, kjæledyrpass eller annan dokumentasjon, og heller ikkje behandla mot dvergbendelorm.

Foto: Mattilsynet

– Å smugle dyr er eit alvorleg lovbrot som kan gjere stor skade på andre når dei blir smitta. 1000 kroner blir då berre ei symbolsk straff, seier kommunikasjonsleiar og jurist i Dyrevernalliansen Live Kleveland til NRK.

Det er forbode å innføre levande dyr frå land utanfor EØS utan å vere registrert importør og ha løyve frå Mattilsynet.

Live Kleveland

KYNISK: – Tiltalte har kynisk smugla kvalpane for å tene pengar på dei, utan å bry seg om den store smitterisikoen ho dermed påfører andre dyr og menneske, seier Live Kleveland i Dyrevernalliansen.

Foto: Ihne Pedersen / Dyrevernalliansen

I mai 2015 oppsøkte tilsynet bustaden til ei kvinne i Trøndelag etter bekymringsmelding frå ein dyreklinikk i Trondheim. Dei hadde fått inn ein hund med polsk helsebok, men dyret var ikkje vaksinert mot mellom anna den dødelege sjukdomen rabies. Hundeeigaren fortalde at ho hadde kjøpt den av kvinna som Mattilsynet så oppsøkte.

Innførte sju nyfødde kvalpar

I hundegarden fann dei sju kvalpar som var eit par månader gamle. Kvinna fortalde at ho hadde adoptert dei i Polen då dei var halvanna veke gamle fordi mora var forsvunne.

Undersøkingar viste at hundane alt var lagt ut for sal i Noreg. Dei var ikkje vaksinerte mot rabies, var utan ID-merke, kjæledyrpass eller annan dokumentasjon. Hundane var heller ikkje behandla mot dvergbendelorm, ein parasitt som er ufarleg for dyr, men kan vere dødeleg for menneske.

Politiet gav ho ei bot på 8000 kroner, alternativt 17 dagars fengsel, for brot på paragraf 28 i Matlova om handel med levande dyr. Ho viste til dårleg økonomi og bad om lågare bot. Dermed vart det tilståingssak i retten og førelegget steig automatisk til 9600 kroner.

Dårleg råd og lang liggetid

Saka vart meldt til politiet i oktober 2015, men vart liggande i over tre år før den kom opp i retten tidlegare denne månaden.

Sør-Trøndelag tingrett meinte fleire moment tala for ei høg bot: Det var mange dyr, dei var innførte for å seljast og den sikta sparte pengar ved å bryte lova. Også omsynet til folkehelsa spelar inn, står det i domen.

Men den svake økonomien til sikta saman med den lange liggetida veg tyngre. Derfor fastsette tingretten ei bot på 1000 kroner, eller fengsel i tre dagar. Kvinna vedtok domen på staden.

alf rune nilsen

Politiadvokat Alf Rune Nilsen i Trøndelag politidistrikt understrekar at domen ikkje får noko å seie for korleis politiet vil behandle andre tilfelle av ulovleg dyreimport.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Overraskande låg bot, seier politiadvokat Alf Rune Nilsen i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Han understrekar at domen ikkje får noko å seie for korleis politiet vil behandle andre tilfelle av ulovleg dyreimport.

Om liggetida på over tre år, viser Nilsen til at politiet også hadde store problem med å få avhøyrt kvinna fordi ho var vanskeleg å få kontakt med.

Ikkje uvanleg med høge bøter

– Det er svært alvorleg å innføre dyr som ikkje er vaksinerte mot rabies
eller behandla mot dvergbendelorm seier seniorrådgjevar i Mattilsynet Mona Holm-Ross. Ho viser til fleire saker der bøtene for å innføre hundar frå utanfor EØS-området har vorte på 15000 kroner.

Etter straffelova skal det leggast vekt på den økonomiske situasjonen for sikta og liggetid på saka, påpeikar Kleveland i Dyrevernalliansen. Ho reagerer likevel på den låge bota frå Trøndelag:

– Tiltalte har kynisk smugla kvalpane for å tene pengar på dei, utan å bry seg om den store smitterisikoen ho dermed påfører andre dyr og menneske. Dette er alvorlege lovbrot som kan føre til store skader på dyr, menneske og natur, seier Kleveland.

Kor mange hundar som blir innførte ulovleg til Noreg kvart år, veit ingen. Mattilsynet meiner mørketala er store. Risikoen for å bli oppdaga er liten, trass i grensekontrollar frå Mattilsynet og Tollvesenet.

– Det er viktig å ikkje gå i fella ved å kjøpe den første og tilsynelatande beste kvalpen ein finn på nettet, seier medierådgjevar Kjetil Johansen i Norsk Kennel Klubb.

– Å kjøpe ein smuglarhund kan medføre store følgjer, både for dyr og menneske. NKK har eigne nettsider med råd til dei som vil gjere eit trygt hundekjøp.

Rasehundar er god butikk

Geir Petter Gjefsen, sikkerhetssjef i Finn

BERRE SVENSK: Finn tillèt no annonsar av importerte hundar berre frå Sverige, seier nettstadens leiar for forbrukartryggleik Geir Petter Gjefsen.

Foto: Caroline Roka

I Noreg må du fort ut med både 10 og 15 tusen kroner for ein rasehund.
Særleg små selskapshundar er populære smuglarobjekt. I til dømes Polen kan dei kjøpast for under ein tusenlapp for så å seljast for det tidobbelte i Noreg.

Inntil for eit par år sidan vart også innførte hundar annonserte på Finn.no, dersom seljaren hadde importløyve frå Mattilsynet.

Men no tillèt nettstaden annonsar av importerte hundar berre frå Sverige.

– Vi freistar å sikre oss at dei som annonserer ikkje bryt lova. Får vi tips om det motsette, sjekkar vi og samarbeider med Mattilsynet og politiet, seier leiar for forbrukartryggleik i Finn, Geir Petter Gjefsen til NRK.

Måtte avlive

Kvinna som fekk bot på 1000 kroner i Trøndelag måtte avlive dei sju kvalpane etter krav frå Mattilsynet. Den selde kvalpen som dyreklinikken varsla om, var derimot fødd i Polen i januar 2015 og derfor ikkje frå same kullet som Mattilsynet oppdaga i mai. Kvalpen vart sett i karantene og etter det funnen i orden, opplyser Mattilsynet.

NRK har fleire gonger freista å kome i kontakt med kvinna som smugla inn kvalpane. I retten gav opp ho adresse i Trøndelag, at ho ikkje har fast inntekt eller stønad og at ho forsørgjer fleire barn. Ho er registrert med fleire adresser og fleire mobilnummer, men ingen av dei oppgitte nummera er i bruk.