Hopp til innhold

Skuleelev tiltalt for å ha filma under kjolen til lærar

Mens læraren stod med baken mot tiltalte, filma han under kjolen hennar. Han sende snapen til 19 personar.

Klasserom.

I KLASSEROMMET: Filminga skjedde i 2019 i ein time ved ein vidaregåande skule i Trøndelag. Minst 20 elevar var til stades. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

Læraren melde saka til politiet dryge to veker seinare. Politiet gav skuleeleven (19) ei bot på 6000 kroner for brot på straffelova § 266 om omsynslaus framferd.

Eleven ville ikkje betale bota og tysdag møtte han i Inntrøndelag tingrett. Han nektar straffskuld.

Ville få kompisane til å flire

Filminga skjedde i 2019 i ein time ved ein vidaregåande skule i Trøndelag. Minst 20 elevar var til stades. Tiltalte var då 18 år. I retten fortel han at læraren i fleire minutt stod med baken mot han mens ho hjelpte ein annan elev.

Først let tiltalte som om han filma, og så gjorde han det. Det vart også filma av ein annan elev som la den ut på Snapchat med tittelen:

«Sykt. Han filme under»

Snapen til tiltalte er på om lag 3 sekund. Han sende den til «russegruppa» si som bestod av 19 personar. Nokre av dei opna den med ein gong i klasserommet og han høyrde at nokre fniste.

– Eg ville berre få kompisane mine til å le og ha det litt artig. Eg angrar veldig, det var teit og idiotisk, sa tiltalte i Inntrøndelag tingrett.

Tiltalte seier han er sikker på at alle sletta snappen i ettertid. Også dei som tok skjermbilete av den. Det var andre elevar som same dagen melde frå til ein annan lærar om det som hadde skjedd.

Inntrøndelag tingrett

FRYKTAR SNAPEN KAN VERE SPREIDD: – Vi må synleggjere at slike krenkingar ikkje må tolererast, seier læraren i midten av 40-åra.

Foto: Tariq Alisubh/NRK

– Ho prøver å vere sexy

Eleven vart innkalla til samtale på skulen der også den fornærma læraren var til stades. Tiltalte fekk då inntrykk av at læraren ikkje ville melde saka til politiet, sa han i retten.

Men dryge to veker etter, gjorde ho det og eleven vart innkalla til politiavhøyr dagen etter.

– Eg var i sjokk. Tenkte på kva mamma og pappa ville seie.

I retten blir han spurt kva forhold han hadde til læraren. Han svarer at ho ikkje er «favorittlæraren» hans.

Aktor spelar av frå politiavhøyret der tiltalte blir spurt om det same. Her seier han:

– Eg føler ho er falsk på ein måte. Ho er veldig urettferdig med karakterane. Ho dømer folk etter personlegdom. Ho later som ho likar deg.

Litt seinare i avhøyret seier han:

– Det er veldig mykje snakk om at ho går med skjørt heile tida, at ho prøver å vere sexy.

I retten spør aktor han om kommentar til dette. Tiltalte seier han ikkje har noko å seie.

– Tok frå meg makt og integritet i klasserommet

Læraren i midten av 40-åra rekna med at skulen ville melde saka til politiet. Då det ikkje skjedde gjorde ho det sjølv:

– Det handlar om at eg må gå vidare for å bli heil igjen, som fagperson og som menneske.
Filminga var krenkande og audmjukande. Eg gjekk ganske langt ned i kjellaren. Det som skjedde tok frå meg makt, integritet og autoritet i klasserommet, seier læraren i retten.

Ho fortel at ho også lenge slutta å gå i skjørt eller kjole. Ho unngjekk sosiale samanhengar, kantina på skulen og var delvis sjukmeld ei stund på slutten av skuleåret. Ho seier det er viktig å kjenne seg trygg på skulen og i klasserommet, både for elevar og lærarar.

Ho tillèt ikkje mobilbruk i timane om ikkje elevane ber om det. Men det er ulik praksis frå lærar til lærar.

– Vi må synleggjere at slike krenkingar ikkje må tolererast. Det sit sikkert elevar som har opplevd liknande, men som ikkje torer å melde til politiet det. Dei må få støtte og vern.

Læraren seier også at ho fryktar snapen kan vere spreidd via andre. Det har forsterka angsten hennar. Aktor opplyser at politiet ikkje har etterforska om filmen er spreidd til fleire enn dei 19 i gruppa.

På spørsmål frå bistandsadvokaten om læraren opplevde støtte frå arbeidsgjevar svarer ho:

– Ikkje i overvegande grad, nei.

Skulen vurderte å melde saka til politiet

Avdelingsleiaren ved skulen sa i retten at tiltalte bad om orsaking fleire gonger i møtet med henne, ein annan lærar og fornærma. Eit par dagar etter informerte læraren rektor om at ho angra på at ho hadde sagt episoden skulle leggast bort. Saka vart tatt opp på leiarmøte ved skulen og dei bad fylkeskommunen om råd.

Det enda med ein dags utvsining og nedsett karakter i oppførsel for eleven.

Det er første gongen vi har vore borti i ei slik sak. Vi står for at vi ikkje har politimeldt saka. Vi jobbar dagleg for at elevane skal få vete kva som er akseptabelt og ikkje, seier avdelingsleiaren i retten.

– Vi ser ei dametruse. Dette er ikkje krenkande

– Spreiing av billete og videoar er eit aukande problem. Det er viktig å sende signal om kva som er lovleg og ikkje lovleg mobilbruk.

Det seier aktor, politiadvokat Charlotte-Renee Ulstad Karlsen, i prosedyren sin tysdag ettermiddag.

Ho legg ned påstand om at bota aukar til 7200 kroner, alternativt 14 dagar soning i fengsel. I tilegg meiner aktor at mobiltelefonen til tiltalte skal inndragast.

Forsvarer Arve Opdahl viser til forklaringa til tiltalte om at dette var tankelaust og dumt. Dette er ikkje brot på straffelova om krenkande framferd, meiner forsvararen.

– Vi ser ei dametruse, ikkje noko meir. Vi ser meir av kvinnekroppen på badestrender. Dette er ikkje spesielt krenkande, seier Opdahl. Han ber om at tiltalte blir frifunnen.

Domen kjem fredag.

Begge videoane vart viste i retten. Men av omsyn til både fornærma og tiltalte, vil ikkje politiet levere ut videoen som viser at tiltalte filmar, opplyser aktor til NRK.