– Når du blir tilkalla av skulen og finn sonen din i fosterstilling ute i gangen, forstår du at det er alvor, seier Knut Wågø.
Barnet hans var elev ved Dyrøy oppvekstsenter. Ein liten skule på Frøya i Trøndelag med i underkant av 40 elevar.
Guten fekk høyre at han lukta fjøs. Han vart plaga og utestengt av medelevar, og ville ikkje gå i barnebursdagar lenger, ifølge faren.
– Han fortalde oss lite. Åtferda hans endra seg. Guten likte seg mindre og mindre.
Foreldra varsla skulen hausten 2020, og fleire gonger våren 2021. Heimeskule under pandemien gav foreldra eit betre innblikk i kva som skjedde på skulen.
Det var Froya.no som omtalte saka først.
Stakk av frå skulen
Dei føresette uttrykte i samtalane at dei var fortvila over at sonen gjekk heim frå skulen før skuleslutt.
Den eine gongen hoppa barneskuleeleven ut av eit vindauge utan ytterklede og sko – og stakk av.
Ifølge Wågø heldt tre lærarar eleven fast, for å hindre at han gjekk heim frå skulen.
Skulen prøvde å ta han ut av klassen, og gi han eiga undervisning. Noko foreldra ikkje vart varsla om.
Dropen som fekk begeret til å renne over, var då rektoren ved skulen kontakta barnevernet.
– Vi har vore samarbeidsvillige. Når du får den tilbake, mistar du all tillit til skulen.
NRK har fleire gonger forsøkt å få intervju med rektor ved Dyrøy oppvekstsenter, men ho vil ikkje stille opp.
PROBLEM PÅ SKULEN: Knut Wågø sitt barn opplevde mobbing og mistrivsel ved Dyrøy oppvekstsenter på Frøya.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKFekk avslag på skulebytte
Barnevernet kom på døra. Wågø fortel at dei var hyggelege, men at heile opplevinga var svært belastande.
Ifølge Wågø vart forholda på skulen berre endå dårlegare, etter at barnevernet la bort saka.
Familien såg ikkje nokon annan utveg enn å bytte skule for guten. Han sa sjølv at han ville vekk.
Dei søkte om å bytte til ein annan skule på Frøya, men fekk avslag frå kommunen.
Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Håvard Holte Os, har vore tett på saka. Han svarar også for skulen. Os meiner dialogen med familien var vanskeleg.
– Då det var ynskje om å bytte skule, kartla vi begge skulane. Utifrå ei heilskapsvurdering såg vi det som best for eleven å ikkje bytte skule.
Over 160 kilometer lang skuleveg
I opplæringslova står det at grunnskuleelevane har rett til å gå på den skulen som ligg nærast i nærmiljøet. Etter søknad kan eleven bli teken inn på ein annan skule.
Etter avslaget frå kommunen valde familien at guten skulle starte på skule i Trondheim – over 160 kilometer unna heimstaden.
No vekependlar guten til byen saman med ein av dei føresette. Foreldra er bønder, og må ha avløysar på garden for å få det til å gå rundt.
Guten starta på den nye skulen i januar. Det takla han bra, og fekk raskt nye venner.
– Han har blitt lettare til sinns. Folk som har treft han i etterkant fortel om ein heilt annan, og mykje gladare gut.
FEKK MEDHALD: Statsforvaltaren i Trøndelag konkluderte med at Dyrøy oppvekstsenter ikkje har gjort det som er forventa av skulen.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKStatsforvaltaren: Skulen har ikkje oppfylt plikta si
NRK har fått innsyn i eit vedtak frå Statsforvaltaren i Trøndelag frå mars.
Dei konkluderer med at Dyrøy oppvekstsenter ikkje har gjort det ein kan forvente av skulen for å oppfylle retten til eit trygt og godt skulemiljø for denne eleven, jamfør opplæringslova § 9 A-4.
– Det var kort fortalt slakt av skulen, seier Wågø.
Dei viser til manglande dokumentasjon frå skulen om kva som er barnet sitt beste i saka. Dei konkluderer med at skulen ikkje har oppfylt plikta til å følgje med.
Då eleven ikkje lenger går på skulen, vil ikkje skulen bli pålagt å gjennomføre tiltak.
Familien sin advokat i saka, Åse Johanna Olsen, er glad for at familien fekk medhald hos Statsforvaltaren, men set spørsmålsteikn ved spesielt éin ting:
– Det eg reagerer sterkt på, er at Statsforvaltaren nektar å gje pålegg til skulen om utbetring, med grunngjeving at barnet ikkje lenger går på skulen. Det synest eg var veldig rart, påpeikar ho.
NRK har forsøkt å få ein kommentar frå Statsforvaltaren i Trøndelag. Dei ynskjer ikkje å uttale seg, sidan saka framleis er under behandling.
– Skulemiljøet er problemet
Wågø peikar på skulemiljøet og systemet som det store problemet.
– Det begynte som ein liten snøball, og no er det ein isbre.
Fleire foreldre NRK har snakka med fortel om same oppfatning av skulemiljøet. Dei seier at problema ved skulen har pågått over fleire år. Dei fortel om manglande kompetanse blant lærarane, og at ingenting blir gjort viss ein forsøker å ta opp eit problem.
– Eg forstår at andre foreldre ikkje vågar å stå fram. Det er frykteleg synd, meiner Wågø.
Det er ein liten skule i eit lite lokalsamfunn – med tette familiære forhold i lærarstaben.
NRK har lagt fram påstandane for kommunen. Kommunen seier at det er delar av dette dei ikkje kan kommentere på grunn av teieplikta.
Kommunen: – Granska skulen frå første sekund
– Vi granska skulen frå første sekund i denne saka. Det gjer ein fortløpande, presiserer kommunalsjef Os.
Han synest det var riktig av skulen å kontakte barnevernet.
– Alle tilsette i skulen har plikt til å varsle barnevernet, dersom ein er alvorleg bekymra for eit barn. Ein har også tilfelle der ein i ettertid ser at det er for seint. Det er ikkje enkle vurderingar.
– Har Dyrøy oppvekstsenter erkjent at det føregår mobbing på skulen?
– Det er vanskeleg å svare på, seier Os, etter å ha tenkt seg lenge om.
– Ein har gjort mange observasjonar og kartleggingar. Data frå elevundersøkingar viser at ein ikkje har eit problem med mobbing på skulen.
– Er det ikkje litt for enkelt å gøyme seg bak slike undersøkingar?
– Nei, det trur eg ikkje. Samtidig er det viktig å ikkje sjå på resultata som ein «fasit». Klart mobbing også skjer på skular der elevundersøkingar ikkje indikerer at det er eit stort problem.
Han legg til:
– Statsforvaltaren peikar på ein del ting, spesielt knytt til kartlegging og dokumentasjon, der vi ser at våre rutinar ikkje er gode nok.
Ynskjer betre dialog
– Vi tek til oss at det har vore for lite fokus på eleven sin ståstad. Vi må bli betre på det. Det har vi den beste intensjon om å imøtekome for ettertida.
BETRE DIALOG: Assisterande kommunedirektør Roger Antonsen håpar dei kan finne ei løying på Frøya, slik at eleven kan gå på skule der.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKDet seier assisterande kommunedirektør Roger Antonsen i Frøya kommune. Som tidlegare oppvekstsjef kjenner han saka godt.
No har Wågø tillit til at lokalpolitikarane ryddar opp i saka etter vedtaket frå Statsforvaltaren.
– Denne saka har vore ei stor påkjenning. Det har stort sett handla om dette.
Antonsen understrekar at dei tek saka på alvor.
– Vi ynskjer sjølvsagt meir dialog med foreldra. Og at vi kan finne løysingar her på Frøya, slik at eleven kan komme tilbake så fort som mogleg. Det er vårt mål nummer 1.