Kvelpane fekk nye eigarar fredag. (Foto: Scanpix/Heiko Junge)
Ordførar i Trondheim, Rita Ottervik offentleggjorde fredag formiddag det mange hundeinteresserte har venta på. Nemleg kven som blir dei heldige eigarane av dei kirgisiske kvelpane. Under pressekonferansen var ordførarkontoret fylt til randen av avis-, radio- og fjernsynsjournalistar.
Litt over klokka 11.30 kom beskjeden:
- Ingvild Espelien, lærar og prosjektleiar ved smådyrslinja på Øya Vidergående skole i Melhus, skal overta den kirgisiske hankvelpen, mens oppdrettar Eva Vernstad frå Selbu får den kirgisiske tipsa, fortel Ottervik.
Kjennskap avgjerande
Stolte eigarar: Ingvild Espelien (fv), Rita Ottervik og Eva Vernstad.
Kvelpekomiteen har lagt vekt på at dei nye eigarane har kjennskap til mynderasen.
Vernstad er oppdrettar og i følgje komiteen veldig flink med hundar. I tillegg har ho mykje erfaring med hundar.
Øya Videregående skole meldte tidleg si interesse for kvelpane. Skulen har smådyrslinje og målet er å bruke hunden i undervisninga.
Øya Videregående skole ønskte også at begge kvelpane skulle stå i karantene ved skulen i staden for på Eidsvoll.
Godkjent av kongen
Rita Ottervik fortalte på pressekonferansen at kongen og statsministeren via UD har godkjent dei nye eigarane. Med det er alt klart for at Eva Vernstad og Ingvild Espelien, på vegne av Øya videregående skole, får ansvaret for hundene når karantenetida er slutt.
Eva Vernstad bur på ein gard i Selbu, og har mange års erfaring med myndar av andre raser enn tajgan.
Ingvild Espelien er lærar i smådyrfag på Øya videregående skole, og har både som lærar og hundeeigar brei erfaring med hunder.
Dei nye eigarane fekk med ei russisk stamtavle for hundane. Kommunen sette også som vilkår at dei får bruke hundane og vise dei fram ved eventuelle statsbesøk i framtida.
- Hundane knyter sterkare band mellom Trondheim og Kirgisistan, sa Ottervik på pressekonferansen.
Ottervik ser ikkje bort frå at hundane kan bli brukt til avl. Dette er myndeklubben sterkt i mot, men trondheimsordføraren seier at kommunen vil ha eit ord med i laget før det eventuelt skjer.
Kom til Værnes
Dei to kirgisiske kvelpane dukka overraskande opp på Værnes flyplass onsdag 26.november. Det var den kirgisiske presidenten Askar Akajev som hadde kvelpane med seg som gåve, enten til Slottet eller statsminister Kjell Magne Bondevik, då han kom til Noreg.
Men både kongen og statsministeren hadde takka nei til gåva på førehand, og ein svært ugrei situasjon var under oppsegling. Det var då Arbeiderpartiet og ordførar i Trondheim, Rita Ottervik, rakk ut ei hjelpande hand og tok til seg dei to kvelpane. For dei involverte partane var det ei stor letting at trondheimsordføraren ville ta hand om kvelpane.
Livsfarlege hjerteknusarar
Torsdag fortalte leiaren i Norsk Myndeklubb at dei kirgisiske kvelpane kan vere livsfarlege. Han seier hunderasen er avla fram for å drepe rovdyr under jakt
- Denne rasen har eit kraftig jaktinstinkt, og det kan bli eit problem for dei som skal overta hundane. Eg tenkjer med grøss på om småbarn kjem i kontakt med hundane når jaktinstinktet er på topp, det kan føre til ulykker, seier Foss.
Det er godt å slappe av på fanget til kvelpepassaren på Eidsvoll.