Hopp til innhold

Skuldar på RBK for nedturen

Se Mjøndalen - Ranheim på nett-TV her

Trenarane meiner Jamtfall-kuppet har delar av skulda for at laget gjer det dårleg. No er Per Joar Hansen klar på kva som må til for å vinne søndagens kamp mot Mjøndalen.

Per Joar Hansen og Otto Ulseth

MÅ SKJERPE SEG: Ranheim-trenarane meiner laget må ta seg kraftig saman for å vinne neste kamp.

Foto: Ranheim fotball

Det skriv Per Joar Hansen og Otto Ulseth på heimesidene til Ranheim IL. Rosenborg henta tilbake den utlånte spissen Michael Jamtfall like før overgangsvindauget stengte 31. august, slik at Ranheim ikkje rakk å hente inn ein erstattar.

Fleire årsaker

Hansen seier til NRK at han på ingen måte vil legge all skulda på samarbeidsklubben, men at tapet av Jamtfall er ein av årsakene til at Ranheim har hatt ein tøff periode dei siste vekene.

– Det er òg mange andre årsaker. Det kollektive har ikkje fungert, vi har vore for slakke i forsvarsspelet. Det må vi gjere noko med, seier trenaren.

Ranheim har tapt dei to siste kampane sine, først mot Strømmen og så mot Sarpsborg.

Dei to kampane før det, mot Løv-Ham og Tromsdalen, spelte dei uavgjort. Hansen meiner likevel at laget har prestert bra i fleire av dei siste kampane.

– Det er jo snakk om vidt forskjellige kampar. Mot Tromsdalen spelte vi tidvis med ti mann, og kjempa knallhardt. Den kampen burde vi vunne, slår han fast.

Ingen mirakelkur

Søndag spelar Ranheim mot Mjøndalen på Nedre Eiker stadion. Hansen trur kampen kan bli svært tøff.

– Den blir vanskeleg. Vi er i ein situasjon, der vi ligg godt an på tabellen, medan Mjøndalen kjempar for sin eksistens i divisjonen. Vi kjem til å møte eit tent heimelag som vil ta initiativet i kampen. Dei kjem til å legge ned ein vanvitting innsats, seier Hansen.

Han håpar Ranheim klarer å finne tilbake til forma, men seier at det ikkje berre er å knipse i fingrane når ein skal snu ein negativ trend.

– Vi må fokusere på innstillinga og innsatsen. Utan skikkeleg innsats spelar det inga rolle kva vi gjer – «it's a running game», som dei seier i England. Vi lot Sarpsborg få tre poeng utan å gjere noko med det, og det kan vi ikkje tillate oss.

Hansen trur ikkje at det vil skje igjen på søndag, og meiner Ranheim har alle moglegheiter til å kunne slå Mjøndalen.

– Eg veit at vi kan spele ein god kamp. Vi er revansjelystne og har hatt ei god treningsveke. No skal vi konsentrere oss om oss sjølv og vår eigen innsats. Søndag ettermiddag skal vi kunne vere nøgde, uansett resultat, seier trenaren.