Hopp til innhold

Skular sender mobbesaker til barnevernet: – Barna blir kasteballar

Fleire fagpersonar meiner skulane i altfor stor grad varslar barnevernet, framfor å sjølv handtere saker med mobbing, skulevegring og høgt fråvær.

Gut med sekk på ryggen held handa til far utanfor skulen

KONTAKTAR BARNEVERNET: Fleire tek til orde for at skulane må handtere saker med mobbing og fråvær sjølv, framfor å sende dei til barnevernet. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Getty Images / iStock

NRK skreiv tidlegare i mai om Knut Wågø, som opplevde at skulen ringde barnevernet då det vart avdekt at sonen hans opplevde mobbing og mistrivsel på skulen.

– Vi har vore samarbeidsvillige. Når du får den tilbake, mistar du all tillit til skulen, sa Knut Wågø.

Barnevernssaka til Wågø vart lagt bort, og eit vedtak frå Statsforvaltaren i Trøndelag gav skulen sterk kritikk for korleis dei handterte saka.

Portrett av Knut Wågø

BELASTANDE: Knut Wågø opplevde det som svært belastande å få barnevernet på døra etter at han varsla om sonen sitt dårlege skulemiljø. Fleire personar har reagert på dette i ettertid.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Advokaten til familien, Åse Johanna Olsen, meiner det er eit utbreidd problem at skular involverer barnevernet når dei har saker om mobbing eller skulevegring som dei sjølv ikkje klarer å handtere.

– Mi erfaring er at skulane i altfor stor grad skyver ansvaret over til foreldra. Dei melder til barnevernet for dei minste forhold, og skaper problem for familiane.

Ifølge Olsen finst det mange slike saker. Det verkar som ei slags «oppskrift» fleire stader i landet å kople inn barnevernet når det er miljøproblem på skulen, meiner ho.

– Kommunen misforstår lova

Kommunalsjefen for oppvekst og kultur i Frøya kommune, meinte det var riktig av skulen å kontakte barnevernet i saka som NRK tidlegare har omtalt.

– Alle tilsette i skulen har plikt til å varsle barnevernet, dersom ein er alvorleg bekymra for eit barn. Ein har også tilfelle der ein i ettertid ser at det er for seint. Det er ikkje enkle vurderingar, sa han til NRK.

Psykologspesialist Heidi Wittrup Djup meiner Frøya kommune si lovforståing ikkje er riktig. Ho kallar det urovekkande.

– Det er ikkje nok å vere bekymra. Vilkåra i lova er mykje strengare. Ein må ha grunn til å tru at det er alvorleg omsorgssvikt, presiserer ho.

Portrett av Heidi Wittrup Djup med svart bakgrunn

KRITISK: Heidi Wittrup Djup er dagleg leiar ved Klinikk for krisepsykologi i Bergen. Ho meiner Frøya kommune har misforstått lova.

Foto: Natasha Busel / Fana fotostudio

Frøya kommune: – Uheldig formulering

Frøya kommune presiserer at dei følgjer nasjonale retningslinjer når det gjeld meldeplikt.

Kommunalsjefen har ikkje vore tilgjengeleg for svar, men assisterande kommunedirektør Roger Antonsen skriv følgjande i ein e-post:

– Formuleringa var uheldig. Det kan tolkast som om at ein ved bekymring kontaktar barnevernstenesta i alle saker uavhengig av grad av bekymring.

Antonsen er tydeleg på at skulen ikkje kan sende bekymringsmelding fordi samarbeid mellom skule og foreldre er vanskeleg.

Kommunen ynskjer ikkje å kommentere om dei framleis meiner det var riktig av skulen å kontakte barnevernet i den aktuelle saka.

LES OGSÅ Mener barnevernet må granskes etter at «Beate» ble sterilisert

Mamma «Beate» står inne på barnerommet.

Kjent blant barnevernsleiarar

– Det vi reagerer på i saka frå Frøya er at den ikkje er unik, seier Øystein Sørvig, fagrådgjevar i SOS-barnebyer.

– Det vi ofte ser er at skulane sender ei bekymringsmelding til barnevernet, framfor å handtere saka på eiga hand. Dette sjølv om det ikkje er snakk om omsorgssvikt.

SOS-barnebyer viser til ei spørjeundersøking dei utførte i 2021.

94 barnevernsleiarar fekk spørsmål om avdelinga deira hadde fått bekymringsmeldingar frå skulen om skulevegring, som skulen burde handtert sjølv. 79 barnevernsleiarar var samde eller delvis samde i dette.

Øystein Sivertsen Sørvig

SOS-BARNEBYER: Øystein Sørvig er fagrådgjevar i SOS-barnebyer, og seier saka på Frøya er langt frå unik.

Foto: Privat

– Barna blir kasteballar

SOS-barnebyer peikar på barnevernsreforma, som tredde i kraft i år. Med denne reforma fekk kommunane eit større ansvar for det førebyggjande arbeidet.

– Kommunane skulle då byggje eit heilskapleg hjelpetiltak, men vi ser at dette lèt vente på seg.

Sørvig seier dette får negative konsekvensar, og samanfattar det slik:

  • Familien til barnet opplever at barnevernet ikkje høyrer til i saka
  • Tilliten og dialogen mellom familie og skule bryt saman
  • Barnevernet får meirarbeid, som dei eigentleg ikkje skal gjere

– Barna får ikkje rett hjelp til rett tid, men blir kasteballar i eit system som berre skaper frustrasjon, seier han.

Jurist: – Strenge vilkår for å melde

Jurist og professor i rettsvitskap, Bente Ohnstad ved Høgskolen i Innlandet, har skrive boka «Meldinger til barnevernet – Er det nok å være bekymret?»

I arbeidet med boka sjekka ho 100 saker. Ohnstad skreiv kronikkar og avisartiklar. Mange kontakta henne fordi dei hadde blitt meldt til barnevernet på eit «spinkelt grunnlag». Ofte høgt fråvær.

Bente Ohnstad

BOKFORFATTAR: Professor Benthe Ohnstad har skrive bok om kva vilkår som ligge til grunn for å melde til barnevernet.

Foto: Erlend Moe / NRK

– Det er strenge vilkår for å melde til barnevernet. Ein skal ha grunn til å tru at det er alvorleg omsorgssvikt, barnemishandling eller liknande alvorlege forhold.

I boka hennar finn vi mellom anna denne formuleringa:

«Hvorvidt meldeplikten inntrer, avhenger fullt og helt av hva bekymringen går ut på. Bekymring er et vidt begrep og kan være så mangt, derfor kan man godt være bekymret – også alvorlig bekymret – for et barn uten at dette utløser meldeplikt.»

«Meldinger til barnevernet – Er det nok å være bekymret?» Bente Ohnstad / Ylve Gudheim

– Det verkar som ein ikkje har gjort seg kjent med reglane i det heile tatt, men fått ei forståing for at det er låg terskel for å melde til barnevernet. Det er feil. Har du stilling i det offentlege, er det høg terskel, fastslår ho.

– Skulane må ta ansvar

Divisjonsdirektør Anders Henriksen i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) seier det er viktig at skular følgjer opp plikta til å kontakte barnevernet. Men at det samstundes er uheldig når skulane sjølv ikkje gir hjelpa og tilrettelegginga barnet treng.

Skulane må ta sitt ansvar for desse barna, og ikkje skyve ansvaret over på barnevernet, fastslår han.

I 2020 mottok barneverntenesta 56 802 bekymringsmeldingar for barn under 18 år. Det var ein svak nedgang frå 2019. Talet på meldingar til barnevernet har auka, men stabilisert seg i løpet av dei siste åra. Skulane er blant dei som sender flest bekymringsmeldingar.

NRK har lagt fram påstanden frå advokat Olsen om at fleire skular koplar inn barnevernet dersom dei har utfordringar med skulemiljøet. Bufdir svarar følgjande:

– Vi har presisert overfor Utdanningsdirektoratet kor viktig det er at det ikkje blir sendt rutinemessige meldingar til barnevernet, utan konkret vurdering av om meldeplikta er oppfylt. Det er i strid med lova.

LES OGSÅ Sara (22) sluttet på skolen i 7. klasse – som voksen vil hun prøve på nytt

Sara (22)

– Må bli meir treffsikre

Kommunesektorens organisasjon (KS) skriv i ein e-post til NRK at det finst gode digitale rettleiarar for korleis både privatpersonar og offentlege tilsette kan melde frå til barnevernet.

– Vi veit at desse blir brukt aktivt i kommunane, skriv spesialrådgjevar Guro Sannes Nordby.

Ohnstad meiner det manglar ei grunnleggjande forståing av regelverket, og får støtte frå psykolog Djup.

– Det har blitt eit mantra i samfunnet om at ein bør melde ein gang for mykje heller enn ein gang for lite. Det belastar systemet.

Ho siktar til at barnevernet blir hindra i å bruke ressursane sine på familiar som faktisk treng hjelp, fordi dei må handtere bekymringsmeldingar som aldri skulle ha vore sendt.

– Vi må bli meir treffsikre i meldingane til barnevernet. Ingen er tent med å sende grunnlause meldingar til barnevernet.