40 elevar måtte rømme frå brennande buss

Ein skolebuss tok fyr ved Aglo vidaregåande skole i Skatval torsdag morgon. Mellom 40 og 50 elevar var om bord på bussen.

En buss full av skoleelever begynte å brenne ved Aglo videregående skole i Stjørdal.

Brannvesenet ryddar no opp på staden der bussen begynte å brenne.

Buss i brann på Skatval

Slik såg det ut da elevane måtte forlate bussen (instagrambilde)

Foto: Sandra Amalie Reitan

Bussen begynte å brenne på Tillertoppen rett ved skolen, opplyser politiet i Nord-Trøndelag.

Rett etter klokka 09 meldte 110-sentralen på twitter at brannvesenet i Stjørdal hadde kontroll på brannen.

Mellom 40 og 50 elevar var om bord i bussen, som var på veg til skolen.

– Dei skal vere uskadde, for brannen oppsto i motorrommet, og det var ikkje røyk inne i kupeen, seier operasjonsleiar hos politiet i Nord-Trøndelag, Ulf Bertil Wiseth.

Elevane kom seg ut av bussen, og gjekk til skolen, som ligg like ved.

– Dei vart samla på skolen for å få informasjon. Også helseinstansane var kobla inn for å sjekke at ingen hadde pusta inn røyk eller blitt skadde på anna vis, seier Wiseth.

– Alt i orden med elevane

Thomas Moe er rektor på Aglo vidaregåande skole.

– Alt er i orden med elevane, ingen har fått fysiske skader. Men nokre har fått reaksjonar på brannen i etterkant, og har behov for å prate, seier han

Situasjonen var ikkje så dramatisk med det same, det var berre litt røykutvikling frå motorrommet.

– Men etter kvart tok bussen skikkeleg fyr, og eg trur det er nokre som har begynt å tenke over at det kanskje kunne ha gått verre enn det gjorde. Det er ein naturleg reaksjon, meiner rektoren.

Dei elevane det gjeld, får oppfølginga dei treng.

– Spesiell situasjon

Tonje Våden

Tonje Våden, innsatsleiar hos politiet i Nord-Trøndelag.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Skolen har handlingsplanar for ulykker, men akkurat denne saka vart spesiell.

– Brannen oppsto ein kilometer frå skolen, på skolebussen. Det tok lengre tid å få samla elevane, for nokre hadde begynt å gå til skolen, mens andre sto igjen ved bussen. Det skapte ekstra utfordringar, men eg meiner at vi har landa det godt. Alle elevane har fått hjelp, og det står bra til med dei, seier rektor Thomas Moe.

– Vi veit ikkje årsaken til brannen enno, seier Tonje Våden, innsatsleiar for politiet.
– Da brannvesenet kom, brann det under bussen.

– Det har òg oppstått ein diesellekkasje som brannvesenet må halde i sjakk til vi får fjerna bussen, seier Våden.

Laster kart, vennligst vent...

Video fra Trøndelag

Black Friday var god gjødsel for kjøpelysten. Hyllene på post i butikk er fylt til randen. Dessuten kommer julegavene snart for fullt. Folk må hente - nå, er ropet fra butikkene.
Marihøna barnehage har trolig arrangert jul på låven for siste gang. Kampflystøy og konflikt om erstatning preger Ørland i adventstida.
Julestemning for store og små.