Hopp til innhold

Småkryp oppdaga på Steinkjer-skole

Det vesle insektet Skjegg-kre dukkar opp fleire og fleire stader. Ved Steinkjer vidaregående skole har dei no sett ut åvaringar mot insektet, og elevane får beskjed om å ikkje plassere sekkar på golva i dei utsette delane av skolen.

Skjegg-kre

Skjegg-kre vart påvist her i landet første gong i 2013.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Steinkjer vidaregåande skole er ein ny skole. Til dei lyse, fine lokala har likevel insektet funne vegen, og ingen veit korleis. Sikkert har det vore passasjer hos ein eller annan, dette insektet som no er på full fart inn som ein ny innbyggar i hus og heimar, offentlege og private bygg, i heile landet.

Steinkjer videregående skole

Ved Steinkjer vidaregåande skole har dei fått det nye insektet skjegg-krev i hus, til lite glede for skolen sine tilsette og elevar.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Små og vanskelege å få fjerna

Skjegg-kre er lyssky, og held seg inne i veggar og under dekke. Dei er frå nokre millimeter til eit par centimeter lange.

Får ein dei i hus, er dei vanskelege å fjerne.

Det finst inga dronning mellom dei som ein kan ta ut, og så følgjer resten med. Ein må rett og slett ta dei ut, eitt for eitt.

Skjeggkre-felle

Steinkjer vidaregåande skole har sett ut feller for å fange skjegg-kre.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Limfeller kan vere ein måte å få dei vekk på, sier Johan Mattson, fagsjef i firmaet Mykoteam.

Johan Mattsson, spesialist på Skjegg-kre

Johan Mattsson er spesialist på det nye insektet.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Ikkje blodtørstige

Insektet Skjegg-kre er ikkje farleg for menneske, bit ikkje og går ikkje etter blod til dømes, slik sett er det ikkje ei fysisk plage for den det deler husvere med. Det spreier heller ikkje smitte. Men det lever av cellulose, og kan bu innom og bakom gipsplater og på ulike slike stader der det kan få næring nok.

Men mange likar ikkje insekt, det kan gje dei psykiske vanskar, og insektet kan dermed bli ei mental plage.

Får ein dei inn i eit arkiv, eller eit bibliotek til dømes, så vil dei kunne bli eit større problem, ved at dei ét av det materialet arkivet eller biblioteket er sett til å ta vare på, bøker og papir.

Kom først i 2013

Første gong Skjegg-kre vart oppdaga her i landet, var i oktober 2013. Da fann ein nokre få eksemplar.

I dag spreier insektet seg raskt til heile landet, frå Austlandet dit det kom først. No er det i alle landsdelar, heilt nord til Troms er det påvist så langt. Og det finst i alle typar bygningskonstruksjonar og hus.

Om ti år kan kanskje dei fleste hus ha insektet, meiner Johan Mattson.

Skjegg-kre på limfelle

Skjegg-kre fanga på lim-felle.

Foto: Tariq Alisubh / NRK