Hopp til innhold

Den store kjærleiksdagen

Valentindagen er elska og hata om kvarandre. Dei som får ein hjarteforma bukett eller ein boks fin sjokolade har gjerne ein tendens til å elska dagen. Medan dei som ikkje får noko spesielt tenkjer det er ein "vanleg" dag.

Video Dagsrevyen: Valentines Day

Hjartet står i fokus midt i kalde februar på 'Alle hjarters dag'.

Foto: Nyhetsspiller

Kva tenkjer eigentleg folk om Valentindagen?

– Det er jo ikkje eit norsk fenomen, men eg kjøpte gåve til den tidlegare sambuaren min, seier ein av dei reporter Anniken Sande snakka med dagen før dagen.

Sosialpsykologen skeptisk

Professor i sosialpsykologi, Arnulf Kolstad, har ikkje opplevd noko romantisk i dag, og trur heller ikkje at han kjem til å gjera det.

– Eg vil ikkje la meg pressa til å vera romantisk. Det må koma spontant, seier professoren.

– Det er ein utprega kommersiell dag. Det reagerer eg på. Butikkane har ein ekstra mogleik til å tena nokre ekstra kroner, og dei let seg ikkje be to gonger, seier Kolstad.

Romantikken ligg i lufta! Les også: Romantikk i luften

Vis at du er forelska

Arnulf Kolstad

Professor i sosialpsykologi Arnulf Kolstad er skeptisk til kommersialiseringa av Valentindagen.

Foto: Ella Berit Mathisen / NRK

– Vis andre at du er forelska, dersom du er det, seier sosialpsykologen.

Han meiner ein dag dedikert til kjærleiken i utgangspunktet er fint.

– Det er jo slik med alle ting i livet; den har positive og negative sider. Det er flott at me kan ta kjærleiken i bruk og visa me er glad i folk. Det burde me sikkert gjort dagleg i langt større grad. Men at ein skal la seg kommandera til å gjera det ein spesiell dag, det skurrer for meg. Særleg når det blir utnytta kommersielt.

Vil du gå ein romantisk tur på Valentindagen?

Vivianne Sydnes

Dirigent i Nidaros Domkor, Vivianne Sydnes, inviterer til konsert i Nidarosdomen i kveld

Foto: Ella Berit Mathisen / NRK

Kjærleikskonsert i Nidarosdomen

Nidaros Domkor har slått seg saman med Trondheim Voices og inviterer til konserten "Men størst blant dem er kjærligheten" i Nidarosdomen i kveld.

– Konserten er i høve dagen, men den er også meint som ein kommentar til kor kommersiell den har blitt, fortel dirigent i Nidaros Domkor, Vivianne Sydnes.

– Me byr på vakker musikk, og ein kan koma to for ein. Det treng ikkje vera kjærasten din, det kan vera mor di eller ein ven eller nokon andre ein har lyst på ei fin oppleving med, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kjøper gåvene sjølv

Ei av damene Anniken Sande snakka med, hadde tatt grep om eigen Valentindag eit år. Det angra ho litt på til slutt.

– Eitt år kjøpte eg min eigen bukett, ettersom eg visste at det var lite å henta i heimen. Eg kom heim, og fortelde at eg hadde fått den av ein hemmeleg beundrar på jobben. Då blei mannen min lang i maska, og kom med ein svær, hjarteforma bukett. Der fekk eg den rett i fleisen, seier ho leande.

Les også: P3 har sett i gang eit nytt dokumentarprogram, og i høve kjærleiksdagen, har dei laga "Gal av kjærlighet!"

Her kan du også sjå kva tankar folk på gata i Trondheim har om kjærleiken.

Video P3dokumentar: Hva er kjærlighet?

P3 Dokumentar: Hva er kjærlighet?