Hopp til innhold

Skeptisk til gigantskule

Fleire fryktar ein gigantskule blir vanskeleg både for lærarar og elevar i Trondheim. 

Elever spiser skolefrokost
Foto: Arild Eskeland / NRK

Lektor ved NTNU, Geir Halland, er svært skeptisk til ei samanslåing av fire vidaregåande skular i Trondheim.

- Eg trur det blir vanskeleg å vere elev og at lærarane vil oppleve mykje frustrasjon. Det handlar om linjene for vedtekter og kommunikasjon mellom fleire ledd og mellomleiarar, seier Halland til NRK Trøndelag. 

Under planlegging

Geir Halland

Geir Halland

Foto: Stina Åshildsdatter Grolid / NRK

Det er Sør-Trøndelag fylkeskommune som har ansvaret for dei vidaregåande skulane i Trondheim.

Enkelte politikarar har no tatt til ordet for å å legge ned Strinda, Ladejarlen, Ringve og Brundalen videregående skoler og heller byggje ein heilt ny gigantskule på Brøset.

Fylket eig allereie ei tomt på Brøset aust i Trondheim.

Les også: Planlegg kjempeskule .

Ikkje for små

Geir Halland syns 2 500 elevar på same skule er for mykje, men understrekar at det er viktig at skulane er store nok til å ha eit godt fagmiljø.

Han ser på ein skule med kring 800 elevar som optimalt.

- Med ein gong ein får færre eller fleire elevar får ein problem med for små fagmiljø, eller at det blir for stort og kompleks å få til heilskap og samanheng, seier Halland.  

Kan få problem

Planane om ein vidaregåande skule med 2 500 elevar på Brøset kan bli stoppa av ein gamal avtale med Trondheim kommune.

I avtalen står det nemleg at dei fire skuleeigedomane skal gis tilbake til kommunen, om det blir slutt på skuledrifta.

Utan salsinntektene frå desse eigedomane vil det bli for dyrt å bygge den nye skulen.