NRK Meny
Normal

– Meir humør, fart og framoverspel i gutane

Bent Skammelsrud ser stor framgang under Kåre Ingebrigtsen, men meiner RBK er for dårleg trente. – Dei må spele mykje meir fotball på trening fremover, slår den tidlegare storspelaren fast.

RBK-benken mort Molde

FOR DÅRLEG TRENT? – Det har eg sagt lenge! Dei har spelt for lite fotball på trening. Dei må gjere det dei gjer i kampane. Eg likar heller ikkje at dei to dagar etter kamp har veldig lite trening, seier Bent Skammelsrud om treningsdiskusjonen. Han ser allereide fremgang under ny trener Kåre Ingebritsen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Bent Skammelsrud

LITE Å JUBLE FOR: Bent Skammelsrud var med under gullepoken til Nils Arne Eggen. Han har fleire gode råd til dagens RBK, sjølv om han ser betring i spelet.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Molde vann 3-1 over Rosenborg søndag. No har dei 12 poeng meir enn Rosenborg, og dermed er RBK truleg ute av gullkampen.

– Molde har eitt tap i år og verkar veldig stabile. Men som Kåre Ingebrigtsen sjølv seier, no må Rosenborg berre konsentrere seg, ta ein kamp om gongen og få utvikling i laget, seier han.

Meir fart i laget no

Kåre Ingebrigtsen og Rosenborg tapte for Molde

GULLKAMPEN KØYRD: Molde vinn, men RBK har mykje å spele for vidare.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Den tidlegare RBK-spelaren er no fotballkommentator i NRK Trøndelag, og brukar ei lett omskriving av sin tidlegare trenar Nils Arne Eggen for å illustrere at gullet er tapt allereie på sommaren.

– Ja, potetene ein pleier å ta opp i Orkdal på hautsen, kan ein nok ta opp i Molde i år, dessverre.

Men han er likevel optimist:

– Det er trass alt positivt det som har skjedd den siste veka. Meir offensivt, meir fart framover.

– Trur du det har med trenarbytet å gjere?

– Kåre er jo ein gamal Rosenborgar slik forgjengaren òg var, men det verkar som det er meir humør, meir framoverspel og meir fart i gutane no.

Sjekk denne seiersdansen:RBK i ellevill Europa-jubel

Håpar å trekke Molde i Europaligaen

– Dei to siste kampane har vore litt like med både oppturar og nedturar. Laget startar for dårleg i kampane og slepp inn eit mål med ein gong, men så byrjar dei å spele. Dei scora jo mål mot Sligo Rovers, men ikkje mot Molde i fyrste omgong. Når dei ikkje scorar på sjansane sine, tapar dei mot eit godt lag som Molde.

Kampen mot Sligo Rovers var viktig for å kome ut i Europa. Torsdag denne veka skal RBK spele bortekamp mot Karabükspor frå Tyrkia, i den tredje av fire kvalifiseringsrundar til Europaligaen.

– Både cupen og seriegullet er borte, så no gjeld det å få ei god plassering i Noreg for å nå Europa neste år. Andreplassen bør vere målet no. Men Europa er òg viktig. Me må jo sjå litt stort på det og håpe at både Rosenborg og Molde kjem til gruppespel for å gjere norsk fotball betre.

– Det har ikkje vore godt nok i år. Me hadde eit håp om gull før sesongen byrja, men no er ferien snart ferdig og me er ute av gullkampen. Men no legg me det bak oss og konsentrerer oss om Europacupen.

For dårlig trent

Mattias Moström sendte Molde i ledelsen

MOLDE ER DET NYE RBK, MEINER VG: Det verken trur eller håpar Bent Skammelsrud.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Fleire har dei siste vekene peika på at Rosenboerg er for dårlig trent samanlikna med motstandarane, noko Morten Gamst Pedersen òg seier i Adresseavisen i dag.

NRK-ekspert og gamal RBK-helt, Bent Skammelsrud, er einig.

– Det har eg sagt lenge! Dei har spelt for lite fotball på trening. Dei må gjere det dei gjer i kampane. Eg likar heller ikkje at dei to dagar etter kamp har veldig lite trening. Når skal du få trent då, når du har to kampar i veka?


Molde er det nye RBK skriv VG i dag. Kva seier du til det?

– Æ håp itj det! I Noreg har dei vore stabile i 3-4 år no og i Europa òg, så eg er ikkje heilt med på den fråsegna.