Hopp til innhold

Skal lage byggefelt, fann langhus

Da arkeologane frå NTNU Vitenskapsmuseet fekk sleppe laus i området der det skal bli eit splitter nytt bustadfelt, fann dei raskt eit treskipa langhus som truleg er to tusen år gamalt.

Arkeologi Trana

Arkeologane får undersøke området i seks veker. Til venstre Ragnar Vennatrø, til høgre Dag-Øyvind Engtrø.

Foto: Randi Wilsgård / NRK

Stolpehull Trana

Det er slike stolpehull som kan fortelje kor gamalt langhuset på Trana er.

Foto: Randi Wilsgård / NRK
Dag-Øyvind Engtrø

Feltleiar og arkeolog Dag-Øyvind Engtrø.

Foto: Randi Wilsgård / NRK
Arkeologi Trana

Arkeologane Rangar Vennatrø og Dag-Øyvind Engtrø bruker papptallerkar for å markere kor dei har gjort funn.

Foto: Randi Wilsgård / NRK

I skogen ved garden Trana, berre eit par steinkast frå Steinkjer sentrum, skal det byggjast fleire hus.

Men først må arkeologane undersøke området, og det skal dei gjere i løpet av seks veker i mai og juni 2014.

Rett ved utgravingsfeltet ligg det fleire kjente gravminner og ein gravhaug. Derfor var det knapt ei overrasking at eit langhus dukka opp.

Tydelege spor etter busetting

– Det som var overraskande, var at langhuset var såpass tydeleg med ein gong. Ofte dukkar slike funn opp etter ei stund, når vi har studert eit område lenge. Her vistes huset veldig godt tidleg i prosessen, seier Dag-Øyvind Engtrø, som er feltleiar for dei arkeologiske utgravingane.

– I tillegg er det utruleg tydelege stolpeavtrykk i kvart av dei takberande stolpehulla vi har funne, seier han.

Arkeologane har gjort tverrsnitt gjennom stolpehulla.

– Det som er fint her, er at stolpene har vore svidde slik at dei ikkje skulle råtne med ein gong. Det betyr at vi kan ta ut kolprøver og datere veldig nøyaktig, seier Engtrø.

Kan vere 2000 år gamalt

Stolpeavtrykka kan òg bere vitnemål om noko meir. Dei har mykje brent leire i seg, og det kjem truleg frå det som har gått føre seg i huset.

– Førebels er det vanskeleg å seie om vi kan finne ut meir ut frå leira. Men vi kan slå fast når det har budd folk her. Det vanlegaste når vi finn slike langhus, er at dei er frå eldre jernalder, det vil seie frå 500 før Kristus til 500 eller 600 etter Kristus. Huset vi har funne, kan altså vere 2000 år gamalt, seier Dag-Øyvind Engtrø.

Det er ikkje uvanleg at arkeologar finn leivningar frå eldre jernalder under slike utgravingar.

Det er meir uvanleg å finne restar frå yngre jernalder, det vil si vikingtid. Da låg husa ofte der gardane ligg i dag.

Garden Trana er kjent frå skriftlege kjelder tilbake til mellomalderen, men er altså truleg mykje eldre.

Under utgravingen på et nytt boligfelt i Steinkjer har arkeologer fra NTNU funnet flere interessante funn, helt fra jernalderen.

Eit treskipa langhus dukka opp i grunnen i Steinkjer.

Trur det vil dukke opp fleire hus

Huset som no er avdekt, er eit treskipa langhus, med to takberande stolperekker og tre inndelte rom på langs i huset.

Arkeologane har òg funne mange strukturar elles på feltet, til dømes kokegroper.

Dei jobbar no med å setje funna i system.

Noko som gjer arbeidet enklare for arkeologane, er at dei kan bruke dronekamera.

Det er eit lite helikopter med fleire rotorar, det kan gå veldig høgt og henge i ro i lufta. Kameraet blir styrt frå bakken.

– Tidlegare måtte vi stort sett bruke lift når vi skulle ta oversiktsbilde. Da var vi avhengige av å komme veldig nært med liften. No er det mykje enklare å ta bilde frå fleire vinklar, og få gode bilde, seier Engtrø.

Han trur det vil dukke opp fleire hus.

– Eg vil tru at vi finn eitt eller to hus til, seier han.

Bygginga av bustadfeltet vil ikkje bli forseinka av dei arkeologiske funna.

– Det som dukkar opp her, er slikt vi forventar, og det er veldig uvanleg at det får konsekvensar for bygging, seier feltleiaren for utgravingane på Trana.