Hopp til innhold

Skal finne miljøgifter i fuglefjør

Fuglefjør kan vise i kor stor grad rovfuglar er råka av miljøgifter. NTNU-forskar skal studere havørn og hønsehauk for å sjå etter effekten av nye stoff.

Havørn

– Vi skal sjekke om dei nye stoffa er like farlege som dei gamle dei erstattar. Det er ikkje studert på fuglar før, seier forskaren

Foto: Dag Brynjelsen

Stoffa førsteamanuensis Veerle Jaspers ved NTNU er på leiting etter er nye flammehemmande forbindelsar som er tatt i bruk for å erstatte forbodne stoff, skriv Gemini.

– Vi skal sjå på havørn og hønsehauk. Vi skal samle fjør og blodprøvar frå fugleungar i reiret, tatt før dei er flygedyktige, seier Jaspers.

Dette er verna fuglar, og ho forsikrar at det ikkje er snakk om å skade eller drepe dei.

– Vi skal sjekke om dei nye stoffa er like farlege som dei gamle dei erstattar. Det er ikkje studert på fuglar før, seier Jaspers.

Kan få stor innverknad

Hønsehauk

Dei skal samle prøver frå fuglar i rundt Trondheim og i Troms for å sjå om det er skilnad mellom dei ulike breiddegradane

Foto: John Øystein Berg

Studia kan bidra til at eit eller fleire nye kjemiske forbindelsar blir regulert eller sett på forbodslista i EU eller i internasjonale konvensjonar.

Dei aktuelle stoffa er mykje brukt i elektronikk, isolasjonsmateriale av plast og enkelte tekstilar mellom anna.

Og ho har studert fjør før.

Ho tok doktorgrad ved universitetet i Antwerpen på å analysera spor etter organiske miljøgifter som DDT og PCB på fuglefjør i Belgia. Så fekk ho tilbod om ei forskar- og undervisingsstilling i miljøtoksologi ved NTNU i Trondheim.

Stjerneprogrammet

Veerle Jaspers er ein av 17 utvalde til NTNU sitt stjerneprogram for unge forskarar. Det går ut på å få fram fleire eliteforskarar og det skjer ved bruk av mentorar, opphald i utlandet, utviklingsprogram og pengar, mellom anna.

Ho er i ferd med å sette saman ein stab og eit eige laboratorium.

Dei skal samle prøver frå fuglar i områda rundt Trondheim og i Troms for å sjå om det er skilnad mellom dei ulike breiddegradane.

Det var litt tilfeldig at det er fuglar ho bruker for å spore opp miljøgifter i naturen. Men det starte ved at ho skreiv masteroppgåve om metall i meisefjør.

– Eg valde tema for masteroppgåva fordi eg ville bidra positivt til samfunnsutviklinga. Og ja, eg kjeldesorterer og slår av lyset, og prøver å leve slik at ein ikkje sett større fotspor enn naudsynt, seier Jaspers til Gemini.

Et havørnpar har ruget ut to små unger i toppen av et tre. Men de vet ikke at en usynlig fiende har truet dem helt siden ørnemor la eggene.