Hopp til innhold

Skade stenger Sluppenbrua

- Brua er ustabil, og dermed stenger me brua for all trafikk, seier Kjell Åge Lauritzen i Statens Vegvesen.

Sluppen bru stengt

SKADD BRU: Sluppen bru er stengt på ubestemt tid, etter at det vart oppdaga skadar i berekonstruksjonen på brua.

Foto: Henrik Sundgård

- Det vart oppdaga skadar på brua etter ei påkøyring. Under ein inspeksjon av brua har me avdekt skadar på eit opplager på ein av tre berebjelkar. Det gjer at brua er ustabil, og dermed stenger me brua for all trafikk, seier Lauritzen.

Sluppen bru

KJEGLESTENGT: Innkøyringa til Sluppen bru er stengt ved hjelp av kjegler tysdag ettermiddag.

Foto: Frank Almås / NRK
Sluppen bru stengt

SNUR: Bilar køyrer ned til brua og snur.

Foto: Henrik Sundgård
Sluppen bru stegt

DRAMATISK: Statens vegvesen seier det er dramatisk for trafikken at brua er stengd.

Foto: Henrik Sundgård

Han er seksjonsleiar i driftsseksjonen i Statens Vegvesen i Sør-Trøndelag.

Sikkerheitsomsyn gjer dermed at brua er stengt for alle køyrande. Gåande og syklistar får passere.

Skadane vart oppdaga i dag, og det er uklart kor lang tid det vil ta å reparere brua.

I løpet av ferien har nokon køyrt på brua og skada den. Dette vart oppdaga ved at rekkverket på brua hadde store skadar, og Statens Vegvesen ville undersøke dette.

- Når me såg under brua fann me skadar på eit bruopplager som hadde svikta. Det har gjort at den eine bjelken på eine enden hang i lause lufta.

Vil skilte omkøyring

- Det vil få konsekvensar for alle som bruker brua til dagleg. Me har omkøyringsmoglegheiter via den nye Nordre Avlastingsveg. Elles må trafikantane finne andre alternative vegar, E6 om ein skal sørover, til dømes, seier Lauritzen.

Tysdag ettermiddag er brua stengt ved hjelp av kjegler, men etter kvart vil det også bli skilta med omkøyringsmoglegheiter, seier Lauritzen til NRK.

- Det er dramatisk at me må stenge brua for trafikk. Det skal jo vere bru der i framtida, og ferdselsåra har mykje trafikk. Trafikalt er det dramatisk.

- Må opp med nytt brulager

Skaden som no er funnen er alvorleg, fortel Lauritzen. Likevel kan det skje at eine køyrefeltet på brua blir opna for personbilar, men dette er det for tidleg å seie no.

- Det er uaktuelt å opne Cesiliebrua, fortel Lauritzen. Dermed blir alternativet for dei som skal til Byåsen å køyre via Ila, eller E6 over Kroppanbrua sørover frå Trondheim.

I natt startar arbeid på brua, men for å få opna den igjen heilt, må det alvorlege tiltak til.

- Me må opp med eit nytt brulager, og støype under for å få på plass bjelken, fortel Lauritzen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.