NRK Meny
Normal

Skadd i arbeidsulykke

Ein person har fått føtene i klem i ei arbeidsulykke og er sendt til sjukehus. Ulykka skjedde ved Overhalla Cementvare.

Laster kart, vennligst vent...

Arbeidsulykka skjedde i Overhalla.

– Mannen var bevisst, og skal ha fått ein fot i klem, seier operasjonsleiar Stig Rune Sagen hos politiet i Nord-Trøndelag.

Mannen er frakta til Sykehuset Namsos med ambulanse, meldte politiet klokka 14. Ulykka skjedde rett etter klokka 1330, skriv Namdalsavisa.

Ulykka skal ha skjedd i samband med avlasting av ein tilhengar. Ei "veggrind" velta, og personen kom i klem, opplyser politiet.