Dei er store, eldgamle og veg mellom åtte og tjue tonn. Rullesteinane utgjer første del av RiT 2000 sitt utsmykkingsprogram.
Dei gamle rullesteinane vart natt til onsdag plassert i Olav Kyrres gate framfor Regionsjukehuset, men det er slett ikkje sikkert at det er her RiT 2000 blir plassert.
Uthola steinar
Mannen bak utsmykkinga, bilethoggar Kåre Groven, har bora hol og laga snitt i steinane.
Ved hjelp av fiberoptikk blir rullesteinane tilført lys og ein ny dimensjon.
Dei enorme steinane vakte oppsikt hjå fleire av dei forbipasserande.