Hopp til innhold

Sjukeheim ville ha slutt på ropinga til Torbjørg (92) - seksdobla dosen med psykosemedisin

No har fylkeslegen i Trøndelag bede Trondheim kommune forklare dei uvanleg høge dosene med det antipsykotiske legemiddelet Haldol ho fekk i tida før ho døydde.

Torbjørg på sykehjemmet

SEKSDOBBEL DOSE: 92 år gamle Torbjørg Pedersen var redd og engsteleg på sjukeheimen i Trondheim. For å stanse ropinga fekk ho Haldol. Men dosene med det antipsykotiske legemiddelet var opp til det seksdoble av det som er tilrådd for eldre og demente.

Foto: Privat

Torbjørg Pedersen kom til Munkvoll helse og velferdsenter i april 2017. Ho var enke og det var først og fremst dårlegare syn som gjorde at ho ikkje kunne greie seg heime lenger.

Som talsperson for familien, har barnebarnet Mathias Johnsen, brukt mykje tid på å finne ut korleis dei siste månadene av livet til bestemora var. Om bruken av store doser Haldol framskunda døden. Og om mangelen på pleiarar i eldreomsorga gjer at institusjonane bruker medisinar for å roe ned pasientane fordi personalet har altfor få hender.

Både barnebarn Mathias Johnsen og dei tre borna hennar, besøkte Torbjørg Pedersen jamnleg på sjukeheimen. Ofte også saman med oldebarn av Torbjørg.

Trass den høge alderen var ho i bra form og svært glad for besøk frå familien.

Men etterkvart merka dei at ho ikkje trivdes så godt og sa at ho ville vere med heim.

– Det er jo forståeleg at besøka minte henne på at ho ikkje var ein del av familielivet på same måte lenger fordi ho var på sjukeheim, seier Johnsen.

Etterkvart vart bestemora hans meir uroleg på sjukeheimen. Ho ropte stadig frå senga når det ikkje var personale der. I følgje journalen, som NRK har fått sjå, hadde ho anfall av panikkangst og var uroleg når ho sat i stolen sin."Kontaktsøkande" er eit ord som går att i journalen.

I samråd med det kommunale ressurssenteret for demens i Trondheim kommune vart det bestemt å prøve Haldol.

Torbjørg får besøk av familien

GLAD I BESØK: Torbjørg vart svært glad for besøk frå familien. Ho kjende att både barn, barnebarn og oldebarn og var interessert i kva dei heldt på med, fortel barnebarn Mathias Johnsen.

Foto: Privat

«En meget stor dose for en gammel liten dame»

Haldol er eit legemiddel som sidan 1959 er mykje brukt på pasientar som har schizofreni, bipolar liding eller åtferdsproblem. Men eldre og personar med demens bør vere varsame med å bruke Haldol, i følgje Felleskatalogen.

Frå slutten av januar fekk Torbjørg Pedersen tre doser i døgeret, kvar på 1 mg. Men då dette ikkje verka, vart dosen auka til totalt 6 mg og så 12 mg.

Men 6. februar fekk 92-åringen heile 15 mg på føremiddagen etter at ho hadde skapt «uro» for andre på avdelinga. Dette skjedde etter at pårørande hadde vore på besøk, i følgje journalen frå Munkvoll helse-og velferdsenter.

Den gamle kvinna fekk etterkvart problem med å svelgje, ein annan mogeleg biverknad av Haldolbruk. Fleire stader i journalen hennar står det at ho var plaga med mykje slim i bryst og hals, pustevanskar og «surkling».

Utdrag fra journal - Torbjørg

SEKS GONGER NORMALEN: Journalen frå sjukeheimen 6.februar 2017 viser at Torbjørg fekk 15 mg med Haldol i ei dose. Normaldose er 2 mg i døgeret.

Foto: Utdrag fra journal / privat

Tidleg på kvelden 10. mars vart Torbjørg Pedersen funnen hengande på høgresida av rullestolen. Ho hadde vanskar med å puste og vart send til St.Olavs hospital.

Ein mogeleg virusinfeksjon var konklusjonen. Sjukehuslegen som behandla henne reagerte på dei høge dosene ho hadde fått på sjukeheimen.

«Når det gjelder roping i sykehjemmet kan det ikke anbefales medikamentell behandling for å hindre denne. Haldol 4mgx3 er en meget stor dose for en gammel, liten dame og frarådes uansett tilstand", skriv legen i rapporten sin».

I følgje familien vog Torbjørg omlag 67 kilo og var 1,62 m høg, men gjekk ned minst 10 kilo i løpet av opphaldet.

Legen sin overordna, klinikksjef Tom Christian Martinsen ved St.Olavs hospital, kjenner ikkje sjukdomshistoria til Torbjørg Pedersen, men reagerer generelt på å høyre om doser på opptil 15 mg Haldol:

– Det normale er ei dose på opptil eit par milligram i døgnet, i sjeldne tilfelle 4-5 milligram. Større doser enn det er noko vi frårår då det aukar faren betydeleg for biverknader, seier Martinsen.

– I nokre tilfelle kan slike doser forverre urotilstanden og dermed ha motsett effekt. Andre biverknader kan vere rykningar og nevrologiske forstyrringar som mellom anna kan føre til fall, som er spesielt aktuelt hos eldre på sjukeheim, held Martinsen fram.

Utdrag fra epikrise ved St. Olavs Hopsital

MEGET STOR DOSE: Haldol 4mgx3 er en meget stor dose for en gammel, liten dame og frarådes uansett tilstand", skriv legen ved St. Olavs hospital i rapporten sin.

Foto: Utdrag fra epikrise / St. Olavs hospital

«Store omkostningar ved ny type medisin»

Familien til Pedersen visste ikkje så mykje om Haldol og kva doser som var vanlege, då dei vart informerte om at sjukeheimen ville prøve medisinen. Ein månads tid etter at medisineringa byrja, hadde alle dei tre barna møte med personale på Munkvoll.

I notatet dotra skreiv etterpå uttrykkjer ho uro over endringane hos mora:

«Tidligere var hun mer interessert og kunne spørre om ting vedrørende familien og andre forhold. Hun kunne le og vise litt humor. Nå er det ikke noe av det. Det vi ser er en skremmende utvikling, og vi synes det er feil at omkostningene skal bli så store ved å ta en ny type medisin. Det primære ved å starte opp med ny medisin er vel at hun skal bli roligere og mindre angstfylt?»

Det var to dagar etter dette at mora vart lagt inn ved St.Olavs.

Etter at Torbjørg Pedersen vart utskriven frå sjukehuset 15.mars sov ho mykje og tok til seg lite næring, går det fram av journalen frå sjukeheimen. 25.mars er alle tre barna på besøk og får vete at mora er døyande.

27. mars sit dotra ved senga då 92 år gamleTorbjørg Pedersen somnar inn på Munkvoll helse og velferdssenter i Trondheim.

– Veldig opptatt av å få ned all unødvendig medisinbruk

Bruken av psykosemedisin som Haldol på eldre personar med demens bør i størst mogeleg grad unngåast, er den gjengse oppfatninga hos legar, nokre av dei også psykiatrar, som NRK har snakka med. I fjor publiserte forskarar ved NTNU ei studie om slik medisinbruk ved sjukeheimar i 18 kommunar.

Den viste alarmerande høg bruk, i følgje professor Anne-Sofie Helvik ved Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie ved NTNU.

Leiinga ved Munkvoll vil ikkje uttale seg om saka til Torbjørg Pedersen fordi kommunen no skal svare fylkeslegen etter at familien klaga.

Bruken av berolegande medisinar ved sjukeheimane i Trondheim har gått ned frå 2009. Det viser kommunen si eiga oversikt som blir utarbeidd kvart år og som ligg offfentleg på heimesidene til kommunen.

– Kvifor denne kvinna fekk så høge doser må vi finne ut av. Men kommunen er veldig opptatt av å få ned all unødvendig medisinbruk, seier kommunaldirektør for helse og velferd Helge Garåsen til NRK.

Kommunen har frist til 26.juni med å svare fylkeslegen.

– Ser du nokon samanheng mellom bruk av legemiddel som skal roe ned pasientane og bemanninga ved sjukeheimane?

– Eg har ikkje fått nokon klare signal på at det er ein samanheng, svarer Garåsen.

– Alle menneske treng nærleik og kontakt med andre, også når dei er på sjukeheim. Eg vart sjokkert då eg oppdaga kor store doser bestemor fekk for at ho skulle halde seg i ro. Vi fortener eit svar på kvifor dei valde slik dei gjorde, seier Mathias Johnsen.

BESØK AV OLDEBARN: Denne videoen frå august 2017 er tatt av familien under eit av dei mange besøka hos Pedersen. Også to av oldebarna er med.