Sju nye smitta i Orkland

Orkland kommune har fått sju nye smittetilfelle av koronaviruset søndag ettermiddag. Alle var allereie i karantene. Dei som først testa positivt på hurtigtestar har altså fått bekrefta smitte etter vanleg test. Dette betyr at det til saman har vore 99 positive smittetilfelle i Orkland. Kommunen ventar no svar på 230 prøver.