Hopp til innhold

Sju nye smitta

Smittevernoverlege forventar meir innanlandssmitte. Også blandt helsepersonell.

Svineinfluensa

Illustrasjon av svineinflensatesting.

Foto: Jorge Dan (MEXICO HEALTH) / Scanpix/Reuters

- Vi forventar meir smitte innanlands etter kvart. Om du kjem heim frå ferie og føler deg dårlig så anbefalar vi å kontakte fastlegen din. Men gjer det over telefon for å unngå unødvendig smitte, seier smittevernoverlege i Trondheim kommune, Eli Sagvik.

Også ein tilsett ved St. Olavs har verte smitta, opplyser fungerande vikarierande smittevernoverlege på St Olavs Hospital Andreas Christensen .

- Vedkommande har gjort alt riktig ved å kontakte fastlege og å halde seg borte frå arbeidet. Vi må rekne med at nokon vert sjuke på ein så stor arbeidsplass, seier Christensen.

Fleire blir smitta

Sagvik trur fleire kjem til å verte smitta etter kvart som fleire vender heim frå ferie og har verte smitta i utlandet. Allereie er to personar som ikkje har vore i utlandet smitta.

- Vi forventar at vi får eit aukande tal dei dagane som kjem. Mange kjem heim frå ferie. Vi har også eit fotballag som var i Spania som også smitta, seier Sagvik.

Og om du trur du er smitta, er råda frå smittvernoverlegen klare.

- Hald deg heime til du har fått undersøkt, seier Sagvik.

Fleire unge

Men ho meiner at det ikkje er nokon grunn til panikk. Svineinfluensa er som ein vanlig influensa. Men denne rammar fleire unge enn før og smittar lettare. I tillegg har den gitt ein influensasesong på sommaren i staden for kaldare årstider.

To av dei sju smitta er innlagt på St. Olavs Hospital. Ein av dei er allereie skreve ut frå sjukehuset.

Stabil tilstand

Personen som framleis ligg på sjukehuset er eit born, men tilstanden er stabil i følgje smittevernoverlege Eli Sagvik i Trondheim kommune.

Om lag 20 personar som er busett Trondheim har fått påvist svineinfluensa.

Les også:
Fotballag smitta av svineinfluensa

Daglige tilfeller av svineinfluensa

- Ekkelt med munnbind