Hopp til innhold

Trafikkaos og såpeglatte vegar i Trøndelag

Ein politibil har køyrt av vegen i Steinkjer, ein annan bilist har hamna på taket i Steinkjer og sju bilar var blanda inn i ein kjedekollisjon mellom Svokmo og Løkken i morgontimane.

Kjedekollisjon mellom Svorkmo og Løkken

KJEDEKOLLISJON: Det var lange køar mellom Svorkmo og Løkken etter at sju bilar hadde sklidd inn i kvarandre på det såpeglatte føret.

Foto: John Storholt

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel i dag, om kraftig vind og vanskelege køyreforhold i Trøndelag.

Det snør tett i store delar av Trøndelag og mange har hamna utfor vegen på dei såpeglatte vegane.

Slo hovudet i bilveggen

Espen Mortensen greidde ikkje stoppe og sklei rett inn i dei to bilane som allereie stod bom fast i den såpeglatte bakken mellom Svorkmo og Løkken i Sør-Trøndelag.

– Eg slo hovudet mitt inn i stolpen ved frontruta, men det går bra. Eg skal til legevakt for ein sjekk, seier Espen Mortensen til NRK.

Han kom rett rundt ein sving og oppdaga to bilar som stod midt i vegen og sperra.

– Det var kjempeglatt, så eg sklei rett inn i dei to bilane.

Kjedekollisjon Klinglia mellom Svorkmo og Løkken

SÅPEGLATT: Fleire bilistar prøver å snu i Klinglia.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Sju bilar blanda inn

I alt var sju bilar blanda inn i kjedekollisjonen. To personar er frakta til legevakt etter ulykka som skjedde på fylkesveg 700 ved Klinglia, mellom Svorkmo og Løkken. Vegen var stengt der ulykka skjedde fram til klokka 1000.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 0720, ein halvtime seinare var dei på staden.

– Sju bilar er involvert. Det er ingen alvorleg personskade, seier operasjonsleiar i Trøndelag, Bernt Tiller til NRK.

NRK har vore i kontakt med fleire bilistar som var på ulykkesstaden. Dei fortel om svært glatte vegar og bilar som har sklidd inn i kvarandre.

– Eg blei stoppa av ein møtande bil som hadde komme seg forbi ulykka, så eg valte å snu og køyre ein omveg over Skulmoen. Dette er ein smal veg som ikkje er brøyta, så folk må ta det med ro, seier Arve Kristiansen.

To personer er involvert i ei utforkjøring i Sørlia på Steinkjer.

UTFORKØYRING: Sjåføren kom seg sjølv ut av bilen då han hamna på taket i Steinkjer.

Trafikkaos og såpeglatte vegar

Det er såpeglatt på vegane mange stader i Trøndelag. Dette har ført til ei rekke utforkøyringar.

Snøvêret fører til at trafikken går sakte og det har vore fleire utforkøyringar, seier Petter Ingholm Gustavsen som følgjer trafikken tett.

Trøndelag er ikkje aleine om det forrykande vêret i dag. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel til fleire fylke på grunn av kraftige vindkast.

Følg trafikkaoset i Trøndelag direkte her: