NRK Meny
Normal

Sjølvmordstankar på SMS

Ungdom bruker Internett og tekstmeldingar til å formidle tankar om sjølvmord.

 Tekstmeldinger skulle brukes i svindelforsøk.
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Denne måten å kommunisere på er ei stor utfordring for hjelpeapparat og foreldre.

Arve Strandheim, som er lege ved barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk ved Sykehuset Levanger, fryktar fleire får sjølvmordstankar ved å kommunisere på nettet eller via SMS.

- Eg trur ikkje alt som skjer på desse nettsidene er positivt. Ungdommen blir ikkje nødvendigvis ført ut av elende, men heller dratt ned litt, seier Strandheim til NRK Trøndelag.

Utfordring for hjelpeapparatet

Ungdommane skriv brev på nettet eller sender tekstmeldingar med destruktivt innhald. Både depresjon og tankar om å ta livet av seg blir stadig oftare formidla via nettsider og tekstmeldingar.

Dette er ei ny utfordring, både for hjelpeapparatet og foreldre.

- Måten dei kommuniserer på kan føre til at andre ungdommar får vatn på mølla. Vi er uroa over at ungdom som høyrer at andre tenkjer på same måte, kan føre til små ras av sjølvmordsforsøk, seier Strandheim.

Trur det er normalt

Kvart år tek rundt 500 nordmenn livet sitt, stadig fleire er ungdommar. Det er ikkje nytt at ungdomane tenkjer på å ta livet sitt, det nye er måten dei snakkar om det på.

- Måten dei kommuniserer på kan føre til at ungdommane syns det er normalt å ha problem med sjølvmordstankar, seier Strandheim.  

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.