Olavsfestdagane, Offshore-VM og Trøndersk Matfestival samlar masse folk i Trondheim. Det gir lommetjuvane gode arbeidstilhøve.
No oppfordrar politiet folk til å ta godt vare på verdisakene sine dei komande dagane.
- Når det er så mykje menneske i gatene i Trondheim og samla på bestemte stader, kan det vere at lommetjuvar stel eigedelane til folk når dei ikkje er merksame, seier krimvaktleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Jon Holiløkk til NRK Trøndelag.
Omreisande tjuvar
Mange lommetjuvar reiser rundt i Europa på jakt etter store arrangement og folkemengder.
Dette har tidlegare skjedd i Trondheim, men Holiløkk har ikkje indikasjonar på at det er omreisande tjuvar i byen no under Olavsfestdagane og Offshore-VM.
- Eg har ingen opplysingar som seier noko om at det er tilreisande tjuvar i byen.
Unngå synleg lokkemat
Politet ber også folk om å vere ekstra merksame på å ikkje leggje lokkemat synleg i bilen, og at festivalgjengarar er påpasselege når dei står tett.
- Pass på at glidelåsar på jakker, vesker og sekkar er godt lukka igjen. Kjen også etter om du har verdisakene dine om nokon dyttar deg i trengselen, seier Holiløkk.