Hopp til innhold

Siste seilas for RS "Stavanger"

110 år etter Titran-ulukka kjem redningsskøyta tilbake til ulukkesstaden.

Mannskapet på RS "Stavanger"

Mannskapet på RS 'Stavanger' i Bodø.

Foto: Redningsselskapet

Etter over hundre år skal redningsskøyta ta sitt siste farvel med sjøen med eit seilas frå Lofoten til museet på Bygdøy.

No er skipet på Trøndelagskysten. Rett ved ulykkesstaden der skøyta var stasjonert i nesten 40 år.

Les bloggen til mannskapet

På onsdag kjem den gamle skøyta tilbake til den historiske ulukkestaden. Der vert den mottatt med fest på Fiskarheimen.

I 1899 døydde 140 fiskarar i uveret ei natt. Turen skal heidre dei som har gjort ein innsats, og gi ei moglegheit til å ta farvel med skuta medan dei framleis er på havet.

Tidsreise

Skuta har vore i ro sidan i går medan dei har venta på betre vindretning. Dei siste to vekene har dei segla i sørvestlig vind langs norskekysten.

Tøffe forhold
Foto: Johan J. Petersen / Johan J. Petersen

- Den verneverdige gamle skøyta har ingen moderne hjelpemiddel. Mannskapen har berre seil årer å hjelpe seg med, og maten må kokast over kol og ved, fortel kaptein Johan Petersen.

Lang reise

Petersen har segla saman med mannskapet frå Lofoten i Vesterålen langs norskekysten i fire veker, sidan dei la ut 17. april. Der har dei besøkt historiske stadar og menneskjer som har vore involvert i skøyta.

Mellom 1901 og 1938 redda RS ”Stavanger” 53 menneskjer frå døden på havet, og har gitt hjelp til over 3000 båtar.