Hopp til innhold

Sikta varsla om drapet i Selbu

Ein mann og ei kvinne, begge 71 år gamle, er tatt av politiet og sikta for forsettleg drap etter at ein 69 år gamal mann blei funnen død i Selbu i går kveld.

Drap Selbu
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mannen, som er frå Malm, blei funnen død i eit bustadhus i Selbu ved 2230 tida i går kveld, opplyste politiet på ein pressekonferanse i Trondheim i føremiddag.

Politiet fekk melding om drapet i Øverbygda i Selbu klokka 2157 i går kveld. Då dei kom til Selbu klokka 2230 fann dei ein død mann.

– Det var den no sikta 71 år gamle mannen som varsla om at det hadde skjedd eit drap, sa politiadvokat Per Morten Brobakke på ein pressekonferansen hos politiet i Trondheim tirsdag føremiddag klokka 1200.

Artikkelen held fram under bildet.

Drap Selbu

Politiet vil ikkje seie om mannen blei drepen inni eller utanfor dette huset i Selbu.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

– Ikkje skuldig

Advokat Kari Messelt Ekker forsvarar den 71 år gamle kvinna som er sikta for drapet. Ho var tilstades hos politiet då kvinna blei avhøyrd.

– Kvinna erkjenner ikkje straffskuld. Ho seier at ho var tilstades, men at ho ikkje har noko med ugjerninga å gjere. Kvinna er sterkt prega av det som har skjedd, seier Messelt Ekker til NRK Trøndelag.

Den 71 år gamle kvinna var god ven med den 71 år gamle mannen, som også er sikta i saka.

– Kvinna har forklart at ho også kjente mannen frå Malm som blei drepen, seier Messelt Ekker.

Blir framstilt for varetekt

Gjennom natta har politiet drive etterforsking og krimtekniske etterforskarar har vore på åstaden, opplyste Brobakke på pressekonferansen.

I løpet av dagen vil politiet ta stilling til om den eine eller begge dei sikta skal bli framstilt for varetektsfengsling onsdag, sikta for forsettleg drap.

Politiet har ikkje grunn til å tru at det er andre personar involvert i dette drapet.

Tause om årsak

Politiet vil ikkje gi detaljar kring dødsårsaka og heller ikkje seie noko om dei har beslaglagt noko drapsvåpen.

Ifølgje Adressa.no skulle den 69 år gamle mannen hente campingvogna si då han blei drepen.

Det er det funne blodspor utanfor huset, men politiet vil ikkje seie om mannen blei drepen inni huset eller utanfor huset.

Den 71 år gamle mannen som er sikta skal vere eigar av bustaden der den 69 år gamle mannen blei funnen drepen. Politiet kan ikkje seie noko om kva relasjon dei to sikta har, men dei skal ikkje vere gifte.

Ingen av de involverte skal ha vore kjent for politiet frå før.

Mistanke om rusbruk

Det er mistanke om at enkelte av dei involverte var berusa.

– Vi har tatt blodprøvar av dei sikta, og graden av rus vil bli kartlagt, sa Brobakke på pressekonferansen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.