NRK Meny
Normal

Shabana fekk tomt på Høylandet

Shabana Rehman blei svært overraska då Høylandet kommune gav ho ei tomt fredag føremiddag.

Shabana Rehman fekk tomt på Høglandet
Foto: Magnhild Øwre / NRK

Shabana Rehman er jurymedlem på Norsk Revyfestival som foregår på Høylandet i desse dagar.

Vakre Høylandet

Shabana Rehman
Foto: Magnhild Øwre / NRK

Shabana Rehman skal tidlegare ha uttalt på ein fest at det var så vakkert på Høylandet at ho gjerne kunne tenkt seg å bu der. Det fanga lokalsamfunnet og ordførar Lars Otto Okstad raskt opp og fiksa ei tomt i rekordfart.

Fredag føremiddag tok ordføraren med seg Shabana til tomta som ligg på ei høgd med utsikt over festivalområdet. Han kunne skrytte mellom anna av full barnehagedekning og helsesenter for å lokke komikaren til bygda.

– Ja, jo, eg trur vi slår til, sa ei rørt, overraska og glad Shabana Rehman til NRK Trøndelag då ordførar Lars Otto Okstad og styreleiar for Norsk Revyfestival Lorents Mørkved Romstad gav ho tomta.

Sjå overrekkinga her .

Internettilgang

Shabana hadde med seg mannen sin og to søner då ho fekk ioverlevert tomta. Familien fekk sikra seg om at tomta har både vass-, kloakk- og internettilgang.

– Nei, eg trur vi slår til, eg er jo eigentleg bygdemenneske, seier mannen til Shabana, Martin Gaarder, til NRK Trøndelag.

- Mi neste framsyning blir laga på Høylandet, ler Shabana.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.