Hopp til innhold

Sette verdsrekord på verdas største sjakkbrett

Søndag vart det sett ein litt spesiel verdsrekord på Brekstad i Ørland. På eit sjakkbrett på 80x80 meter slo stormeister Simen Agdestein - i lift høgt over bakken - den tyske stormeisteren Niklas Hushenbeth.

Sjakk rekord Brekstad

Via bilde frå drone kunne fleire hundre publikumarar følgje sjakkampen.

Foto: Pål Åge Røstad

– Rekorden er godkjent og kjem i Guiness rekordbok, seier Hallgeir Grøntvedt ved Ørland kultursenter.

– Vi hadde kontakt med Guiness på førehand, og dei sa at dette vart rekord så sant vi kunne verifisere at det vart spelt eit parti sjakk her jordet. Og vi har hatt lensmannen på plass her heile tida, seier Grøntvedt.

Høgt oppi lift

Og høgt oppi kvar sine liftar var det stormeister Simen Agdestein og den tyske stormeisteren Niklas Huschenbeth som kommanderte flyttinga av brikkene - som alle var levande. Fire ordførarar frå Fosen gjekk diogonalt som løparar, levande hestar vart leidde på plass - og bønder frå Ørland og Bjugn kjempa mot kvarande.

Sjakk rekord Brekstad

Via bilde frå drone kunne fleire hundre publikumarar følgje sjakkampen.

Foto: Pål Åge Røstad

Det var Simen Agdestein som gjekk av med sigeren etter at kampen varte vel halvannan time ute på det store jordet.

- Jo, det var jo litt uvant, med det enormt store «brettet», det var noko heilt spesielt dette, men eit fantastisk opplegg, seier Simen Agdestein, som også er sjakktrenar ved Norges toppidrettsgymnas.

- Flott utsikt og kult brett

– Vi vart heisa høgt opp i lift, så vi hadde fin oversikt. Men for å vere ærleg, så hadde eg stillinga mest i hovudet. Storleiken på brettet hadde lite å seie, eg såg ikkje så mykje på det.

Sjakk Kjeungen fyr

Tårn utforma som Kjeungskjær fyr.

Foto: Gunnhild Tettli

– Men brettet var fantastisk, og utsikta var nydeleg, vi kunne sjå utover fjorden og det var kult med alle dei levande brikkene, seier Simen Agdestein, seier stormeister Agdestein, som er litt usikker på korleis han kan titulere seg etter denne sigeren.

– Det går ikkje heilt med super-stormeister heller, for det er noko anna, ler Agdestein.

– Men moro var det i alle fall!

Markering av reformasjonen

Arrangementet var ein del av markeringa av 500 års-jubileum for reformasjonen i Noreg. Sjakkkampen var ein kamp mellom Fru Inger til Austrått og erkebiskop Olav Engelbrektson, slik dei kjempa mot kvarandre også i 1537 då reformasjonen kom til landet. Og fru Inger til Austrått heldt til i Austråttborga som ligg Ørland kommune.

– Rutene på sjakkbrettet var 10x10 meter, og med alle rutene blir det 80x80 meter. Med verifiseringa av lensmannen kunne vi slå fast litt over kl. 16 i dag at vi har verdensrekorden, seier Halgeir Grøntvedt - tidlegare ordførar i kommunen, no prosjektmedarbeiar ved kultursenteret.

Gamlerekorden grundig slått

Det gamle rekorden i Guiness rekordbok var på 5,89 x 5,89 meter.

– Så vi slo rekorden ganske ettertrykkeleg, seier Hallgeir Grøntvedt som i samarbeid med Austrått sjakklubb og Trondheim sjakkforening har hatt fleire sjakkturneringar i kommunen gjennom helga.

Grøntvedt legg for ordens skuld til at han kjenner til at det i utlandet har vore spelt sjakk på større sjakkbrett enn det i Brekstad no i helga. Men dette er tydelegvis ikkje blitt notert inn i Guiness rekordbok.

Sjakk Ørland

Staselege brikker på eitt brett - litt unna sjølve sjakkbrettet.

Foto: Christer Harøy