Her er ei rekke tips for å få fine blomstrar og gode avlingar.
* Potteplantar og andre plantar i krukker og kasser må settast i skyggen. Dei kan bli både svidde og solbrente på varme sommardagar.
* Hugs å vatne blomstrane både morgon og kveld. I tillegg må du gjødsle dei.
* Ver ekstra på vakt når det gjeld vatning av busker og tre som blei planta i vår, dei har ikkje fått utvikla stort rotsystem endå på grunn av mykje kjøleg og fuktig ver tidlegare i vår/sommar.
* Knip av alle frøkapslar på rhododendron som no er avblomstra. Dette gir betre blomstring neste år.
* Fjern halvparten av kartmengda på eple- og plommetre. Det gir større frukter og betre avling neste år.